Avslutningskonsert
Sundag 25. juni
Kl 19.00 Volda kyrkje
Billettar 350,-
Alle under 18 år gratis
Program:
-
Friggs rokk av Jorun Marie Kvernberg (Storm duo)
-
Nyskrive stykke for kontratenor av Kristin Bolstad (Sean Bell)
-
Nyskrive stykke av Sander Andersen (NyNorsk Messingkvintett)
-
Tingingsverk av Rolf Gupta (NyNorsk Messingkvintett)
-
Utdrag frå Valfart av Jorun Marie Kvernberg (NyNorsk Messingkvintett)
-
Tingingsverk av Kristin Bolstad (NyNorsk Messingkvintett og kristin Bolstad)
Komponistar: Rolf Gupta, Kristin Bolstad, Jorunn Marie Kvernberg, Sander Andersen
og studentar
Musikarar: NyNorsk Messingkvintett, Storm duo, Sean Bell, Jorun Marie Kvernberg
og lokale musikarar
Om konserten:
På denne konserten samlar vi opp trådane, alle komponistane møter kvarandre, og vi skaper ei stor felles musikalsk avslutning på festivalen, der vi har med oss heile veka som bakteppe. På programmet står alle urframføringane vi har hatt under tonehimmel 2023. For somme vert det gjenhøyr, for andre vert det fyrste gongen.
For oss er det viktig med andregongsframføring av dei nyskrivne verka, for samtidsmusikk er slettes ikkje berre det heilt nye. Samtidsmusikk er tonehistorier, fortalde og skapte av menneske som lever her og no i same tid og verd som deg. Ei god historie burde ein fortelje mange gongar, meiner vi, og gler oss til å vise dykk desse verka i eit meir tradisjonelt konsertlokale, som kanskje gir deg høve til å oppleve musikken på ein annan måte enn på utekonsertane.