top of page
tonehimmel (4)_edited.jpg

Ekkodal-konserten

onsdag 21. juni

Kl 18.00  startar vandringa/turen frå Barstadsætra i Ørsta 

Turen tek 1,5-2 timar og det er god rås

Billettar 350,- 

Alle under 18 år gratis

Program

  • Skuggar av Bert Handrick 

  • Urframføring av verket Fjellfoten av Sander Andersen

  • a cuckoo cries av Cecilie Ore

  • Imprints av Bjørn Bolstad Skjelbred

  • UTSATT TIL 2024! Urframføring av tingingsverket av Rolf Gupta

​

Komponistar: Rolf Gupta, Bert Handrick, Sander Andersen, Cecilie Ore

Musikarar: NyNorsk Messingkvintett

DSC01121.jpg
IMG_6477.jpg

Om konserten:

Her vandrar lyttarane og komponistane saman til konserten i dalen og sjølve turen er ein del av opplevinga. Undervegs kan ein snakke med den ein vil, men det blir også ein samtale med komponistane undervegs der vi får verte litt kjende med dei. Ein vakker fjelltur på 1,5–2 timar på god rås i eit vakkert sunnmørsk fjellandskap, med spisse tindar, små vatn og fine menneske. 

 

Målet er Lisjedalen, på folkemunne kalla “Ekkodalen”. Her ligg eit  vatn omkransa av bratte fjellveggar og med utsikt mot den kjende Molladalen om du snur deg. Etterklangen i desse fjellveggane har høyrt tonar før. For det er ikkje fyrste gongen det vert arrangert konsert her. Det heile starta ein gong tidleg på 90-tallet med Dei nynorske festspela, der den kunstnariske leiaren vår Magnar Åm sat i musikknemnda. 

 

Magnar fortel: Vi  hadde fått det for oss at det måtte vere artig å ha konsert oppe i fjella ein stad der ekkoet i fjellet kunne brukast i musikken. Det vart mange bratte fjellturar den sommaran. Så ein dag fekk me tips frå ein i Barstadvik om denne dalen. Å kome dit var heilt fantastisk. Fjella svarte så du trudde dei levde, som om dei låg der og berre venta på å bli ropte til.

 

No er det lenge sidan sist det har vore konsert mellom fjellveggane, og vi er glade for å kunne ta opp att tradisjonen og ta musikken med hit der fjell, vatn og ekko skaper ei heilt eiga verd, der musikken og naturen spelar saman. 

 

Programmet er sett saman av to urframføringar og to “ekko” frå fjorårets festival. 

 

Skuggar av Bert Handrick, kantor og komponist frå Volda vart urframført i Kalkbrotet på Voksa under tonehimmel 2022. No får vi høyre dei japanskinspirerte tonane igjen. 

 

Det andre "ekkoet" frå fjoråret er verket a cuckoo cries av Cecilie Ore. Cecilie var fokuskomponist under tonehimmel 2022 og skreiv dette verket til festivalen. Det vart også urframført i Kalkbrotet på Voksa. Cecilie har sjølv ønskt at verket kunne verte spelt på ein stad med endå meir etterklang, og vi er veldig glade for no å kunne ta det med hit opp. 

 

I år har vi også med oss ein ung, lokal komponist, Sander Andersen frå Volda. Han studerer musikkvitskap på NTNU, men har lenge skrive musikk og var ikkje vond å be om å lage noko til tonehimmel. Verket heiter Fjellfoten.

 

Det siste verket på konserten er urframføringa av tingingsverket til Rolf Gupta, som er ein av årets to fokuskomponistar. Verket er for messingkvintett, og meir veit vi enno ikkje om verket.

bottom of page