top of page
00106394.jpg

NyNorsk Messingkvintett

NyNorsk Messingkvintett skal urframføre tre verk under tonehimmel 2023, i tillegg skal dei også spele fleire verk dei allereie har på repertoaret, mellom anna "Eg er ein frosk" av Kristin Bolstad.  NyNorsk Messingkvintett har ein profil som passar Tonehimmel svært godt. Dei seier sjølve at dei er drivne av eit ynskje om å lydsette sterke historier og skape konsertar og framsyningar som set varige emosjonelle spor hjå publikum. Dei er vane med å samarbeide med komponistar og andre kunstnarar for å finne nye perspektiv til framføringane sine, som dei kallar lydlege narrativ.

​

NyNorsk Messingkvintett består av:

Erlend Aagaard-Nilsen (trompet)

Jørgen Arnesen (trompet)

Berger Iver Færder (tuba)

 Ingebjørg Bruket (trombone)

Marie Solum Gran (horn)

Nordic Voices

Kunstnarisk kreativitet, allsidigheit, teknisk presisjon – dette er hovudingrediensane i den perfekte oppskrifta for eit scenekunstensemble. Ein annan ingrediens, det ubeskrivelege noko som vi brukar kalle publikumsappell, gjer biletet komplett. Det er nettopp desse elementa som utgjer Nordic Voices, ei seks-stemt a cappella-gruppe som har slått bølgjer ikkje berre i Noreg, men også stader så langt vekke som Sør-Afrika, Taiwan, Bolivia og USA.

​

Nordic Voices består av: 

Tone Elisabeth Braaten

Ingrid Hanken

Ebba Rydh

Per Kristian Amundrod

Frank Havroy

Rolf Mangne Asser

nordic voices.jpeg
4Y2A9921-4.jpg

Storm Duo

Storm Duo består av Kristina Farstad Bjørdal og Ásta Soffía Þorgeirsdóttir,  to drivende, allsidige akkordeonistar. Dei er klassisk utdanna frå NMH, DKDM og die Musikhochschule Freiburg, i tillegg til å vere oppvaksne omgitt av trekkspel- og dansemusikktradisjonen på  heimstadene sine.

 

Storm Duo spelar mykje forskjellig musikk, alt frå samtidsmusikk, barokkmusikk, romantisk musikk,  russisk trekkspelmusikk, underhaldingsmusikk, tangoar og islandsk og norsk folkemusikk.

 

Dei turnerer mykje i Noreg og på Island, i tillegg til at dei opptrer på festivalar og konsertar året rundt.

 

Med så breitt repertoar kan Storm Duo skreddarsy det musikalske programmet sitt, noko  som gir høve til å velje musikk som passar i mange ulike samanhengar.

​

​

​

Sean Bell

Sean Bell er ein ung kontratenor frå Oslo, som hovudsakelig jobbar med nytolking og re-arrangering av det klassiske songrepertoaret frå 1600 til moderne tid. Han jobbar også med samtidsmusikk og har urframført fleire verk for kontratenor. Bell har arbeidd med ulike ensembel: NyNorsk Messingkvintett, vokalensemblet Early Voices og Det Norske Solistkor. Han har også gjort fleire performance art-prosjekt, mellom anna i samarbeid med far sin, kunstnaren Roddy Bell. Desse samarbeida har utvikla seg til kunstuttrykk i ein kombinasjon av performance, installasjon, lydkunst og musikk.


Bell fokuserer på kammermusikk og kyrkjemusikk, men har òg gjort operaproduksjonar. Han er ein aktiv improvisatør og har spesialisert seg på nye metodar for interpretasjon av klassisk og samtidsmusikk.

Storm Duo

Geir Draugsvoll.jpg

Geir Draugsvoll

Geir Draugsvoll vert i dag internasjonalt rekna for å vere ein av dei viktigaste musikarane på sitt instrument - akkordeon. Gjennom nært samarbeid med utallege komponistar, må Geir Draugsvoll også karakteriserast som ein av pionerane på instrumentet, og han har urframført meir enn 100 verk av samtidskomponistar. 

​

Han har opptredd på festivalar og i konsertsalar som Concertgebouw (Nederland), Alte Oper Frankfurt (Tyskland), Barbican Hall (London), Mariinskij-teateret (St. Petersburg), Gasteig (München), og som solist med orkester som London Symphony Orchestra, München-filharmonien, Orkesteret ved Mariinskij-teateret, Staatskapelle Dresden, Maggio Musicale (Firenze), Göteborg symfoniorkester, Stockholm filharmoniske orkester - dette med dirigentar som Valery Gergiev, Donald Runnicles, Vasily Petrenko, Andres Mustonen, Joana Carneiro, Marc Soustrot, Yuri Bashmet og mange fleire.

​

Geir Draugsvoll har opptredd på fjernsyn og radio ved utallege høve, både i Noreg og utlandet, og har spelt inn ei lang rekke CD-ar på plateselskap som Naxos, EMI, BIS, Delos, Simax osb. Geir Draugsvoll er norsk, men bur no i København der han er professor på Det Kongelige Danske Musikkonservatorium.

Samuel Skrede

Samuel Skrede, er cellist og er utdanna ved Griegakademiet i Bergen og Guildhall School of Music and Drama i London og har vore cellist i Ålesund strykekvartets sidan 2003. Utover sitt virke som utøvande cellist, solist, kammermusikar og pedagog, administrerte han Ålesund Symfoniorkester 2005-2009. Han har òg lagt til rette konsertseriane på Kunstmuseet KUBE frå 2009, og frå 2010 har han vore produsent for Ålesund Kammermusikkfestival og Ålesund Kammersolistar sine produksjonar. Han har sidan 2007 vore dirigent og leiar for Indre Strøk strykeorkester.

Storm Duo

Ai-Ling Chiu

Fiolinist Ai-Ling Chiu er frå Taiwan, og er  utdanna ved Det nasjonale kunstakademiet i Taiwan, mastergrad frå University of Kansas i USA., og solistdiplomutdanning ved Högskolan for Musik och Drama, Universitetet i Göteborg.  Ho har vore solist med  Symphonorkesteret ved Det nasjonale kunstakademiet i Taipei, Universitetetsorkesteret i Bergen, Ålesund Symfoniorkester, og med Göteborgs Symfoniker. Ai-Ling er er 1. fiolinist i Ålesund strykekvartett, og var i 2009 hovudmottakar av Sparebanken Møre sitt Gnist-stipend. Ai-Ling spelarrpå ein fiolin laga av Carlo Giuseppe Testore, 1710. Instrumentet er skaffa med støtte frå Stiftinga Kjell Holm og Sparebanken Møre. 

84383881_10158725156465701_3704218862540029952_n.jpeg

Storm Duo

Thomas Aanonlie

Thomas Aanonlie er slagverkar,  kjem frå Namsos og  er utdanna ved Rogaland Musikkonservatorium og Nordjydsk Musikkonservatorium, og har m.a. diplomeksamen i klassisk slagverk derifrå. Han har hatt engasjement i ulike symfoniorkester, og har i tillegg erfaring med både jazz, pop og rock.

​

Thomas har vore tilsett som distriktsmusikar i Gloppen sidan hausten 1998 og vore med i Opera Nordfjord sitt orkester sidan dei starta opp i same år.

Storm Duo

Aanonlie, Thomas.jpeg

Storm Duo

miki.jpg

Miki Campins

Miki Campins, slagverk, er opphavleg frå Mallorca (Spania) og er utdanna ved Högskulan i Scen och Musik i Göteborg. Sidan han kom til Ålesund i 2009 har han vorte lagt merke til som ein svært allsidig og ettertrakta pedagog og musikar i heile regionen. Ved sida av ei aktiv frilanskarriere er Miki no også avdelingsleiar ved Ålesund kulturskole.

Storm Duo

Tor Andreas Dyrseth.jpeg

Storm Duo

​Tor Andreas Dyrseth

Tor Andreas Dyrseth, kontrabass, er utdanna  ved Musikkonservatoriet i Bergen (Griegakademiet), NTNU og Musikkhøgskulen i Wien. Han har vore Musikkskulerektor i Måsøy kommune i Finnmark og i Sula kommune i Møre og Romsdal. Han har vore Distriktsmusikar i Sortland kommune i Vesterålen og Musikkoordinator og musikar ved Operaen i Kristiansund. No er han Kvalitetsleiar ved Ålesund videregående skole. Han er dessutan aktiv frilansmusikar og flittig brukt i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Storm Duo

Aslak Trønnes Skau

333061340_1374090413346784_4046991660314031585_n.jpg

Storm Duo

​

*

Storm Duo

Storm Duo

bottom of page