top of page

Vandringskonsert til Grinda

Laurdag 24. juni

Kl 12.00 vandringa startar ved Håmyra i Volda 

Billettar 150,- 

Alle under 18 år gratis

Konserten består av verk frå Kristin Bolstad sin meisterklasse tidlegare i veka. Vi kan ikkje på førehand seie så mykje om kva ein vil få høyre, for musikken blir først ferdig same veka. Men komponistane vil leike med det romlege i musikken og  det er mogleg at delar av musikken ikkje er noko ein går til, men snarare gjennom, og kanskje møter musikken deg allereie på råsa til konserten, mellom tre og bekkar på veg til Grinda og utsikta over Volda. Vi er heilt sikre på at turen og musikken vert ei spennande  oppleving og passar folk i alle aldrar, også dei minste. 

bottom of page