top of page
372391753_677794407569080_4272547342450625459_n.jpg

Improvisasjonsseminar i Ekkodalen

med Magnar Åm og Ingrid Vik Henriksen

 

7. oktober kl. 10.00-16.00

Litledalen i Ørsta, som på folkemunne vert kalla Ekkodalen, er ein heilt spesiell stad, der fjellformasjonane legg til rette for eit heilt unikt samspel med naturen. Når forholda er på sitt aller beste kan ein få heile 11 påfylgjande ekko her, som varierer i oktav og styrke.

 

På dette seminaret vil Magnar Åm og Ingrid Vik Henriksen gje deltakarane rammer og verktøy for å improvisere og skape musikk i samspel med fjella og naturen. Plassering, fysiske avstandar, lytting og stemmebruk/kraft vil vere blant tema.

 

Denne dalen har vore konsertsal mange gonger, no inviterer vi alle som vil, til sjølve å vere med å leike og skape på denne spesielle staden. Kurset tek utgangspunkt i vokalimprovisasjon, men det er også mogleg å ta med seg instrument som er eigna for utandørs bruk.

 

Sjølve turen opp og ned er òg ein viktig del av opplevinga. Dette er eit veldig flott fjellområde og ein delvis bratt, men ikkje spesielt krevjande tur. Samtalen mellom alle deltakarane og vandringa vil vere ein viktig del av seminaret. 

Passar for alle som både er glade i å gå fjellturar og musikk.

 

Pris: Kr 350.-

 

Prisen inkluderer felles vandring opp til dalen frå Barstadsætra, seminaret i Ekkodalen, varm kaffi og felles tur ned att. 

Alle må ha med eigen mat.

 

Velkomen

Magnar Åm er fødd i Trondheim i 1952. Han har organist- og kantoreksamen frå Bergens Musikkonservatorium og komposisjonsstudium hos Ketil Hvoslef i Bergen og hos Ingvar Lidholm ved Musikhögskolan i Stockholm. Sidan 1974 har han vore komponist på heiltid og i tillegg hatt ulike seminar i komposisjon og improvisasjon kring i landet. Han bur no i Volda, der han på fritida er aktiv som kordirigent. Frå 2005 til 2021 underviste han i BA-emnet Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi, og i nokre år dei tverrkunstfaglege MA-emna Å skape meining og Playful truth approach ved Høgskulen i Volda.
Magnar er kunstnarisk leiar i tonehimmel.



Ingrid Vik Henriksen er utdanna jazzsongar og musikkpedagog frå Norges Musikkhøgskule. Gjennom studia og eigne prosjekt har ho utforska det improvisatoriske landskapet både som songar og pedagog, både i det store jazzlandskapet, men og i det friare segmentet. Ho har vore fast medlem i improvisasjonsensemblet ´Oslo 14´ frå oppstart i 2014, til 2022 då ho flytta ´heim´ til Volda. Gjennom Oslo 14 sine samarbeid med toneangivande komponistar og improvisatørar i norsk musikkliv, har ho utvida både sitt personlege uttrykk, og sin kunnskap om vokalimprovisasjon i ensemble.

bottom of page