
“full aksept” - ein meditativ improvisasjonskonsert
tirsdag 20. juni
Kl 18.00 Volda kyrkje
Gratis
Musikarar: Magnar Åm, Bert Handrick, inviterte studentar og alle som vil.
Om konserten:
Denne konserten er meint som eit frirom for alle som kjem, der alt er lov. Om ein spelar eit instrument, syng eller berre lyttar og tek inn, er ein fullt ut akseptert og velkomen til å delta i
samanhengen. Komponist og kunstnarisk leiar i tonehimmel Magnar Åm og kantor og komponist Bert Handrick vil spele, men dei vil gjerne ha selskap og håpar fleire vil vere med og improvisere. Her finst det ingen rette svar, ingen forventningar og ingen kritikk. Her er alt lov. Målet er å skape ein augneblink, ein time med tonar, som berre er her og no for dei som er til stades.
PS: Ta gjerne med yogamatte eller liknande om du ynskjer å ligge under lyttinga.