Improvisasjonskurs med Rolf-Erik Nystrøm
Torsdag 27. juni kl. 10.00-13.00
Volda kyrkje
pris 100,-
Rolf-Erik Nystrøm er blant dei fremste saksofonistane innan samtidsmusikk og improvisasjon i Noreg og internasjonalt. Han har utvikla fleire nye speleteknikkar for instrumentet, og har ei eiga evne til å tileigne seg nye uttrykk og sjangrar, alltid med sitt eige særpreg.
Nystrøm har spelt på over hundre album og har urframført omtrent like mange verk over heile verda, mange av dei skrivne spesielt for han. Han er fast medlem i ensembla POING, Seven Winds, Dozo, Hero, Nils Økland ensemble og Oslo sinfonietta.
Nystrøm skriv òg musikk for fjernsyn, teater- og danseframsyningar. Nystrøm er fyrsteamanuensis ved Norges musikkhøgskole og held i tillegg kurs og foredrag på universitet og musikkonservatorium verda over.
Han underviser også blant anna i improvisasjon ved Norges Musikkhøyskole i Oslo. No kjem han hit.