top of page

Jorun Marie Kvernberg
med trio

laurdag 28. oktober kl.18.00
Aasentunet i Ørsta

Jorun Marie Kvernberg var ein av komponistane på tonehimmel-festivalen 2023, med heile tre urframføringar. Eit av desse verka "Valfart" kjem no tilbake saman med ein rekke andre låtar og verk av Kvernberg, denne gongen  versjon for hennar eigen trio: 

Jorun Marie Kvernberg - folkesong, fele, hardingfele, komponist
Dag-Filip Roaldsnes - piano
Lars Andreas Haug - tuba

Dei tre musikarane  boblar over av virtuositet, stor formidlingsevne og gir nye tonar til både A. O. Vinje og Kjartan Fløgstad-dikt, med Kvernberg sin folkemusikalske signatur i botnen. Konserten er arrangert av Kvernberg sjølv, i samarbeid med tonehimmel.

Billettar kr 330 (vaksne) / 100 (born under 18)

Billettar kan førehandstingast på Jorun Maries VIPPS-nummer 645815 innan klokka 15 på konsertdagen.  Merk innbetalinga med namn og tal billettar. 

IMG_9289_edited.jpg
bottom of page