top of page

Samtidsmusikk er klassisk musikk skriven av menneske som lever i same verd og tid som deg. I  tonehimmel  trur vi på mennesket og at det å bli kjend med mennesket som har skapt musikken gjer han lettare å ta inn over seg, fordi komponisten sjølv får vise veg inn i sitt musikalske univers. 

 

Derfor er samtalar med komponistane ein viktig del av konsertane våre. Vi håpar du blir litt betre kjend med dei og musikken dei har skapt. 

Foto Signe Fuglesteg Luksengard (3).jpg
Kristin Bolstad

Kristin Bolstad er komponist, vokalist og musikar. Ho er kjend for si interesse for klang, det fysiske rom og musikken som eit uttrykk for kjensler. Ho har jobba mykje med stadspesifikke komposisjonar, og dei romlege og akustiske parametra er ofte utgangspunktet når ho skaper.  Musikken hennar har vorte framført av ei rekke leiande ensemble og orkester.

​

  • Bolstad skriv eit tingingsverk til tonehimmel 2023 for fem messingblåsarar og ein songar i kvar sin båt på Rotevatnet i Volda. I tillegg kjem det også fleire andre verk av Bolstad på programmet.

​​

​

gupta2019_0623sh.jpg
Rolf Gupta

Rolf Gupta har ein lang karriere som komponist og er i tillegg ein av vår tids sentrale norske dirigentar. Musikken hans har vorte svært godt mottatt. Den har dei seinere åra endra seg, og han har mellom anna henta mykje inspirasjon frå sine indiske røter. I 2019 skreiv han verket “Jordens sang”, som handlar om skapinga av jorda og mennesket si leiting etter svar. Verket vart hylla både av publikum og kritikarar og for dette vart Gupta også tildelt prisen “Årets verk” av Norsk komponistforening. 

​

  • Gupta skriv eit tingingsverk til tonehimmel 2023, som skal urframførast av NyNorsk Messingkvintett i "Ekkodalen" i Ørsta. I tillegg kjem det også andre verk av Gupta på festivalprogrammet.

​​

​

DSC02040.JPG
Jorun Marie Kvernberg

Jorun Marie Kvernberg har arbeidd som frilans folkemusikar gjennom tjue år, med komponering og arrangering som ein innvoven del av det utøvande. Som 25-åring vart ho tildelt den ærerike Edvard-prisen frå TONO for verket «Då kom du». Det siste tiåret har ho gjort komponeringa til ein meir sjølvstendig disiplin i sin yrkeskvardag, og ho vart i 2020 tildelt statens kunstnarstipend som populærkomponist. Folkemusikkbakgrunnen er tydeleg å høyre att i Kvernberg sine komposisjonar. Det siste og førebels største verket er «Tagal» for Kvedarkvintetten (2021), 50 minutt for fem stemmer. For tonehimmel 2023 har Kvernberg to urframføringar å by på:

​

• «Friggs Rokk» for to akkordeon framført av Storm duo: Ásta Soffía Þorgeirsdóttir frå Island og Kristina Farstad Bjørdal frå Sunnmøre.

​

• «Valfart» for NyNorsk Messingkvintett.

DSC02033.JPG
Marie Austrheim  Riise

Marie Austrheim Riise (1983) arbeider som musikar, kantor og komponist og er busett i Ørsta. Marie komponerer også musikk, og fekk for alvor interesse for dette då ho vart leigd inn til å komponere musikk til syngespelet «Høyr kor kyrkjeklokka lokkar» i høve Ørsta kyrkje sitt 150 - års jubileum i 2014.

​

Verk på tonehimmel 2023:

​

• «Det gitte» er basert på eit utdrag frå ei tekstsamling som vart skriven av tekstforfattar Jan Inge Sørbø i høve feiringa av reformasjonsåret i 2017, som Marie har tonesett mange av tekstane til. No har ho omarrangert den eine av desse songane til Nordic Voices, og for Marie er dette ein heilt spesiell tekst.

​

IMG_6477.jpg
Sander Andersen

Sander Andersen er 22 år gamal, oppvaksen i Volda og studerer no på ein bachelorgrad i musikkvitskap ved NTNU i Trondheim. Opprinneleg er Sander fiolinist, men han håpar å kunne etablere seg som komponist og vil gjerne studere komposisjon med tida. 

​

Verk på tonehimmel 2023:

​

• «Fjellfoten» skrive til tonehimmel for messingkvintett

​

cec2_2_0.jpg 2 362 × 3 376 bildepunkter.jpeg
Cecilie Ore

Cecilie Ore har lenge hatt eit solid feste i ei modernistisk retning innanfor samtidsmusikken. Ho har dei seinare åra særleg funne inspirasjon og utgangspunkt i naturlege fenomen. Gjennom musikk og ord viser ho eit djupt engasjement og ein moden refleksjon kring eksistensen til mennesket og alt anna i verda. Ore har vunne både nasjonale og internasjonale prisar for verka sine. Komposisjonane hennar har mellom anna vorte framførte av BBC Symphony Orchestra, Ensemble Modern, BBC Singers samt ei rekke norske og nordiske orkester og ensemble. 

​

Verk framført på tonehimmel 2023

  • “a cuckoo cries”  framført i Ekkodalen av NyNorsk Messingkvintett

​

Verk framførte under tonehimmel 2022: 

  • H2O-trilogi

framført av Engegårdkvartetten

"Water Works"

"Glacier Song" (urframføring)

"Morning Mist" (urframføring)​

​

  • “a cuckoo cries” (urframføring) framført av NyNorsk Messingkvintett (Voksa og Volda kyrkje)

​

Øyvind Lied.jpeg
Øyvind Lied

Øyvind Lied har stort sett vakse opp i Volda og byrja å komponere alt i barndomen. Som ung spelte han i fleire band og levde av musikken. Han jobba også ein periode i Molde Lydstudio, før han igjen kom tilbake til Volda. 

Etter å ha studert musikk på Høgskulen i Volda har Lied vore musikar, dirigent, produsent og låtskrivar/komponist. Han har mellom anna komponert for kor, og sjangrane spenner frå pop til klassisk. Han skildrar seg sjølv som ein leiken komponist.

​

Verk på tonehimmel 2023:

To songar for kor framført av Ervingen blandakor som ein del av Rotevatn-konserten

​

Verk framført under tonehimmel 2022:

  • "Haustkveld"

  • "I all æve"

Framført av koret Ervingen, dirigent Øyvind Lied

​

DSC01121.jpg
Bert Handrick

Bert Handrick kjem frå Dresden i Tyskland og er utdanna komponist og kyrkjemusikar. Sidan 2008 har han vore kantor i Volda kyrkje.

Musikken hans ber preg av sans for klang, linjer og korleis desse oppfører seg i eit rom. Han hentar mykje inspirasjon frå japansk tradisjonell musikk, som han blei kjent med under studieopphaldet sitt i Tokyo 1994/95. Sjølv kallar han musikken sin ofte for «musikk som kjem frå stillheita».

​

Verk framført under tonehimmel 2022 og 2023

  • "skuggar" (urframføring) framført av NyNorsk Messingkvintett

DSC01116.jpg
Magnar Åm
kunstnarisk leiar i tonehimmel

Magnar Åm bur i Volda og har hatt ein lang karriere som komponist.

Verklista hans spenner frå vokal- og kammermusikk via elektroakustisk musikk, til store orkesterverk og multimedia.

Åm sameiner eit fritonalt tonespråk med melodiske kvalitetar, men bruker også tidvis tradisjonelle og folkemusikalske element i verka sine. 

​

Åm er kunstnarisk leiar i tonehimmel.

​

Verk framført under tonehimmel 2023:

  • "Soli Deo Gloria (himmel likevel her?)" omskrive for akkordeon, cello og kor​

​

Til Kaja (33 of 34).jpg
Ricardo Odriozola

Ricardo Odriozola er framleis eit mindre kjent komponistnamn. Likevel har han allereie ein stor produksjon bak seg, og har vist ei særleg evne til å formidle og reflektere rundt den skapande prosessen, til dømes gjennom boka “Opus Perseverat”. Musikken hans er intens og temperamentsfull.

​

Verk framført under tonehimmel 2022:

  • “Of air, wood and water” (urframføring) framført av NyNorsk Messingkvintett 

  • "No Dust Suffered Here" framført av stryketrio frå Engegårdkvartetten

Portrett Honndalsvatnet.jpg
Roar Goksøyr Lillebø

Roar Goksøy Lillebø er fødd og oppvaksen i Volda og bur i dag i Hovdebygda. I eit par tiår var han
kantor i Ørsta kyrkje og har elles vore lærar i kulturskulen. Som pensjonist har han dei siste to åra
dirigert Ørstakoret. Dei øver no fram mot ein konsert der dei vil presentere kormusikken hans.
Komposisjonane hans har minimalistiske trekk, men oftast med eit melodisk element. Det siste året
har Lillebø begynt å male i stor skala, og tre av bileta hans vart utstilte under tonehimmel i samband
med framføring av musikken hans.

Verk framførte under tonehimmel 2022:

  • "Hommage à Janácek"

Framført av NyNorsk Messingkvintett, Åse Malene Oddekalv (sopran) og Karen Rosenberg Olsen(sopran) 

bottom of page