top of page
DSC02065.jpg

Opningskonsert i  det nye
høgdebassenget i Volda 

Konsertane er torsdag 12. januar

1. konsert kl 12.00

2. konsert kl 13.15

Konserten varer i 30 minutt og det er plass til ca. 25 publikumarar per konsert. 

Billettar 200,-  (born går gratis inn i fylgje med ein vaksen)

Adresse for konserten: Bratteberg/Bergsvegen 73

​

​

​

 

 

Før bassenget skal fyllast med vatn, vert det fylt med tonar. 

Volda Vokal syng "Ave Maris Stella" av Edvard Grieg og saxofonisten Rolf-Erik Nystrøm spelar to stykke av Magnar Åm, spesialskrivne for klangrike rom, det eine er spesialskrive for høgdebassenget. 

​

Meir om konserten

For å gjere stas på det nye høgdebassenget vil voldakomponisten Magnar Åm halde to konsertar i høve opninga. Konserten er eit samarbeid mellom Volda kommune, Magnar Åm Produksjon og festivalen tonehimmel. Ordførar Sølvi Dimmen vil stå for den offisielle opninga av Høgdebassenget som ligg ovanfor Bratteberg i Volda. I tillegg vert ålmenta invitert inn i bygget til ein spesiell konsert. 

​

– Publikum vil vere i forhallen, som har ein etterklang som liknar Volda-kyrkja. Men gjennom døra inn til ein av dei to store bassenghallane kan ein høyre etterklang på heile 10 sekund. Og då er det dette fantastiske at eit solo-melodiinstrument kan spele fleirstemt med det tomme rommet som medspelar. Det gir ein spesiell dimensjon og ei ekstra utfordring og spenning til komponeringa også, seier Magnar Åm. 

 

Tak, golv og vegger syng med

Fasinasjonen for klangfulle rom er noko Åm har hatt med seg lenge og jakta stopper aldri. Då det nye høgdebassenget sto klart tok han kontakt med kommunen: kunne han få prøve ut akustikken.  

– Gode etterklangar minner meg om gode lyttarar. Det er som om tak, vegger og golv er så

glade for musikken at dei berre må synge med. Etterklangen blir som eit stort “ja!” frå heile

hallen som tonane kling i, seier Åm.

 

Utøvarane er koret Volda Vokal og saxofonisten Rolf-Erik Nystrøm. Musikken som vert framført er Ave Maris Stella av Edvard Grieg og to stykke av Magnar Åm, spesialskrivne for klangrike rom: sårt hardt, sårt mjukt og i kjelda, begge for altsaxofon solo.

​

“i kjelda", er ein liten melodi for altsaxofon som er skrive særskilt til høgdebassenget.

​

– Melodien får leve i tre ulike akustikkar på konserten: utanfor, i forhallen og i bassenghallen. Slik vil folk kunne høyre skilnaden på dei tre akustikkane og korleis stykket endrar seg med etterklangane. Ute vil det vere den einsame melodilinja saman med naturlydane. I forhallen vil det vere melodilinja velsigna av  rommet/etterklangen. I bassenghallen vil melodilinja blande seg med det fleirstemte koret av medsyngande etterklang innover i det endelause, fortel Åm

 

Ein må rekne med at temperaturen i konsertrommet vil vere låg, men frostfri. Publikum bør difor ha godt med klede på. Kvar konsert vil ta ca. 30 minutt og der er eit avgrensa tal stolar.

 

Eventuelle uselde billettar kan kjøpast kontant eller med Vipps i døra.

DSC02050.jpg

Magnar Åm
produksjon

Rolf-erk-nystrøm_DSC09268.jpeg

Rolf-Erik Nystrøm

Rolf-Erik Nystrøm er blant dei fremste saxofonistane innan samtidsmusikk og improvisasjon i Noreg og internasjonalt. Han har utvikla fleire nye speleteknikkar for instrumentet og har ein eigen evne til å tileigne seg nye uttrykk og sjangrar, alltid med sitt eige særpreg.

Nystrøm har spelt på over hundre album og har urframført omtrent like mange verk over heile verda, mange av dei skrivne spesielt for han. Han er fast medlem i ensembla POING, Seven Winds, Dozo, Hero, Nils Økland ensemble og Oslo sinfonietta.

​

Nystrøm skriv òg musikk for fjernsyn, teater- og danseframsyningar. Nystrøm er fyrsteamanuensis ved Norges musikkhøgskole og held i tillegg kurs og foredrag på universitet og musikkonservatorium verda over.

bottom of page