Meisterklasse i stadspesifikk komponering med
Kristin Bolstad
Kl 10.00–14.00
Kaarstad-huset HVO og naturen i nærleiken
Open for alle interesserte
Gratis
I denne meisterklassen vil komponist Kristin Bolstad undervise i korleis ein kan bruke ein stad eller eit rom som utgangspunkt for komponering av eit musikalsk verk, samt korleis ein kan integrere utanommusikalske parameter som del av det musikalske verket.
I denne meisterklassen får ein innblikk i Kristin Bolstad sitt eige arbeid med stadspesifikke komposisjonar og tankegodset hennar rundt dette - der intensjonen ofte er at komposisjonen skal «vere» rommet/staden, kunne fortelje det og uttrykkje det; framheve det. Men også det motsette, at rommet/staden skal «vere» komposisjonen, kunne fortelje den og uttrykkje den; framheve den.
Vi ser på korleis ein kan tenkje rundt det å leggje til rette for eit møte mellom dei lydlege, sanselege, emosjonelle og visuelle parametra i opplevinga av eit stadspesifikt verk.
Deltakarane sine komposisjonar vil verte framførte på vandringskonserten til Grinda laurdag 24. juni.
Meisterklassen er open for alle og gratis.