Fjell, ekko og troll
Verdenspremiere for verket "Fjell, ekko og trolll" av komponist Bendik Sells for vokalensemblet Oslo14 - skrevet med utgangspunkt i landskapet og klangen i Ekkodalen i Ørsta.
Verdenspremiere:
laurdag 24. august kl. 16.00
Konsert "KLANGFABRIKKEN PÅ NØRE VARTDAL (flyttet frå Ekkodalen grunna veret)
søndag 25. august kl. 18.00
Konsert i Volda kyrkje
For eit år sida vandra komponisten Bendik Sells opp i Ekkodalen i Ørsta. Synging, roping og testing av dei spesielle lysforholda der oppe vart starten på eit heilt nytt verk for det improvisasasjonsbaserte vokalenseblet Oslo14. Komande helg er det klart for verdspremiere.
Opphavleg skulle verket ha premiere i Ekkodalen, men grunna vêrmeldinga er konserten flytta til eit heilt nytt og spennande konsertlokale, “Klangfabrikken” på Nordre Vartdal.
Verket har fått tittelen “Fjell, ekko og troll” og tek mellom anna utgangspunkt i ein mindre kjend folketone, "Trollfuglen", som vert bearbeidd og rekomponert saman med mange andre nykomponerte melodiar for høvet. Men verket ber òg på ei unik historie, ei historie om ei tid der forskjellige troll frå hav, himmel, skog, fjell og jord vandra i norske fjellandskap.
– Der dei lyttar til ekkoet av sine eigne røyster og lydar, der dei utforskar melodiar og klangar både med og mot kvarandre, i møte med naturens lydlandskap, fortel komponist Bendik Sells.
Improvisasjon og komponert
Oslo14 består av 8 til 12 profesjonelle songarar og Sells er kunstnarisk leiar. Gjennom å ta kollektive og solistiske improvisasjonselement inn i det komponerte, ønskjer dei å utvide rammene for vokalmusikk i kor- og ensembleformatet. Sells er utdanna som komponist og songar frå Norges Musikkhøgskole.
Saman med tonehimmel inviterer dei alle inn i det ukjende lokalet “Klagfabrikken” på Nordre Vartdal, den nedlagte møbelfabrikken som vanlegvis vert nytta som vinterlager. Denne grå og gamle møbelfabrikken skjuler ein heilt utruleg akustikk og etterklang. Ein kan vandre mellom tre ulike salar og vi er sikre på at Sells sitt nye verk og Oslo14 vil skape ei uforgløymeleg oppleving her på laurdag.
Verket skal også framførast i Volda kyrkje søndag kveld, med kirkens akustikk som medspelar.
SLIK KJEM DU TIL "KLANGFABRIKKEN":
Ta til høgre ved Vartdal kyrkje, deretter til venstre, over ei bru og so til høgre og venstre i neste kryss – so ser du fabrikken etter kvart:)
Vokalensemblet Oslo14 vart skipa i 2014 av Elin Rosseland og fjorten songarar i samråd med Østnorsk Jazzsenter. Ensemblet består no av profesjonelle songarar som saman har eit skapande og improviserande fokus: Gro-Marthe Dickson, Åshild Bergill Hagen, Live Foyn Friis, Petter Hauglum, Guro Eliassen Kverndokk, Hedda Hammer Myhre, Marika A. C. Schultze, Karoline Ruderaas Jerve, Sean Bell og Bendik Sells (kunstnarisk leiar).
Oslo14 har som formål å utforske det bevegelege, det eksperimentelle og det improviserte. Gjennom å ta kollektive og solistiske improvisasjonselement inn i det komponerte, ønskjer ensemblet å utvide rammene for vokalmusikk i kor- og ensembleformatet. Samstundes jobbar Oslo14 også med fri improvisasjon, og gjer kvart år fleire konsertar med utelukkande fritt improvisert materiale.
Bendik Sells er i tillegg til å vere kunstnarisk leiar for Oslo14 også utøvande songar med bakgrunn i klassisk og folkemusikk. Han er utdanna som komponist og musikkteoretikar frå Norges Musikkhøgskole. I Oslo14 leiar han ensemblet gjennom verkstader og øvingar med både verbale og noterte instruksjonar. Ein heilt essensiell del av å komponere for Oslo14 er å tilpasse stemmene i komposisjonen til kvar songar og dei unike bidraga deira som skapande musikarar.
Bendik har i sine år som komponist arbeidd mye med musikk i eitgrenseland mellom komposisjon og improvisasjon, og imellom dette finn ein musikk for store ogsmå besetningar, elektroakustisk musikk til scene, musikk til barneopera, og soloverk m.m.