
Rotevatn-konserten
Sundag 25. juni
Kl 10.00 Konsertstart og vandring frå Grinda på Volda stadion
Kl 11.30 Konsert på Botnasanden for den som ikkje har høve til å gå turen
Billettar 350,-
Alle under 18 år gratis
Program:
-
Songar av Øyvind Lied for kor
-
Tingingsverk av Kristin Bolstad for messingkvintett i båtar og ein songar
-
Nyskrive verk for kontratenor Sean Bell av Kristin Bolstad
Komponistar: Øyvind Lied og Kristin Bolstad
Musikarar: NyNorsk Messingkvintett, Sean Bell (kontratenor), Kristin Bolstad (song), Ervingen Blandakor
_edited.jpg)
Om konserten:
Konserten på og ved Rotevatnet var den fyrste utekonsert-idéen i tonehimmel. I tingingsverket vil musikarane verte rodde i kvar sin båt over vatnet mot publikum medan dei spelar. Musikken er ikkje ein klump med lyd på ei scene, han vert spreidd utover vatnet, musikarane og stemmene deira bevegar seg uavhengig av kvarandre, musikken vert opna opp og fyller heile verda rundt deg.
Magnar Åm seier: Dette med båtane blir også symbolsk. Når eg komponerer i alle fall tenkjer eg at kvar stemme i verket er eit levande vesen. Det synest ikkje alltid så klart når musikken blir framført på ei scene, men det blir veldig klart når du ror kvar musikar for seg ute på eit vatn. Då er kvar stemme eit levande vesen, som er like mykje i rørsle som eit menneske.
Rotevatn-konserten startar i Grindaløda ved Volda stadion der vi får høyre verk av den lokale komponisten Øyvind Lied, framført av Ervingen Blandakor, som han sjølv dirigerer.
Så går alle turen langs Rotevatnet saman, komponistar, tilhøyrarar og kanskje også nokre musikarar. Undervegs vert det samtale med Kristin Bolstad, ein av årets to fokuskomponistar. Bolstad studerte hjå Magnar Åm her i Volda for mange år sidan, eit møte og eit studium som ho sjølv seier fekk stor betydning for henne både som menneske og kunstnar. Korleis er det å vere tilbake? Kven er ho og kva kan ho seie om musikken vi skal få høyre?
Framme ved Botnasanden vil publikum få oppleve to urframføringar av Bolstad. Det eine er tingingsverket for messingkvintett og ein songar, framført av NyNorsk Messingkvintett og Kristin Bolstad sjølv. Her sit musikarane i kvar sin båt og vert rodde av lokale roarar over vatnet medan dei speler.
Kristin fortel: Verket utforskar korleis det musikalske materialet endrar seg og forvitrar, der instrumenta fungerer som ekko av kvarandre – som steinsprett på eit vatn.
Den andre urframføringa er eit verk Kristin har skrive for kontratenor Sean Bell. Verket søkjer etter å kome tettare på stemma og det den skjuler og ber på av indre og levd liv, blant anna gjennom ulike variantar av eit materiale og teksturen i dette.