top of page
blader

Samtalearrangement
med alle dei lokale komponistane

fredag 23. juni

Kl 21.00 Andaneset i Volda

Gratis

Samtalar er ein del av konsertane på tonehimmel, men det er likevel avgrensa kva ein rekk å seie på ein konsert. I kveld ønskjer vi å verte betre kjende med alle dei lokale komponistane vi har med oss i år og det er ein heil del:

Jorun Marie Kvernberg, Marie Austrheim Riise, Øyvind Lied, Sander Andersen, 

Bert Handrick og Magnar Åm.

 

Kva fekk dei til å byrje å skrive, korleis kom dei dit? Korleis er det å skape musikk i dag, kvar finn dei inspirasjon, kva engasjerer dei? Korleis vil dei beskrive sin eigen musikk? Samtalen vert leia av Magnar Åm og Kaja Skatvedt Robak, men det er berre fint om andre også har spørsmål. 

Samtalen varer ca. 45 minutt, men det er ope for å snakke direkte med komponistane etterpå for den som vil.

bottom of page