Samtale med fokuskomponistane Bolstad og Gupta på Tredet
tysdag 20. juni Kl 21.00
Tredet kafé og bar i Volda
Gratis
Samtale er ein del av konsertane på tonehimmel, men det er likevel avgrensa kva ein rekk å seie på ein konsert. Vi ynskjer å la folk verte betre kjende med kven dei er desse to, Rolf Gupta og Kristin Bolstad. Kva fekk dei til å byrje å skrive, korleis kom dei dit og korleis er det å skape musikk i dag? Kvar finn dei inspirasjon, kva engasjerer dei og korleis vil dei beskrive sin eigen musikk? Samtalen vert leia av Magnar Åm og Kaja Skatvedt Robak, men det er berre fint om andre også har spørsmål. Samtalen varer ca. 45 minutt, men det er ope for å snakke direkte med komponistane etterpå for den som vil.
Tredet kafé og bar sel drikkevarer og mat under arrangementet og hit er alle velkomne, for dette handlar om å verte kjend med menneska, og kva du veit om samtidsmusikk er ikkje viktig.