top of page
030FCB9C-49CF-489E-B852-1C1533FD801D.jpg

Semenfabrikkonserten

torsdag 22. juni Kl 19.00

Sementfabrikken  på Leikong i Herøy    

Billettar 350,- 

Alle under 18 år gratis

Program: 

  • Urframføring av verket Valfart  av Jorun Marie Kvernberg (NyNorsk Messingkvintett, Jorun Marie Kvernberg)

  • Nordsjøhistorier av Ronny Kjøsen, tekst av Øystein Hauge (Storm Duo)

  • Messe norvegienne profane, av Tze Yeung Ho

  • Urframføring av verket Friggs Rokk av Jorun Marie Kvernberg (Storm Duo)

​

Komponistar: Jorun Marie Kvernberg, Ronny Kjøsen 

Musikarar: NyNorsk Messingkvintett, Storm Duo (akkordeon), Jorun Marie Kvernberg (fele)

DSC02040.JPG

Om konserten: 

Peder Voldnes Sementfabrikk vart starta og driven av bestefaren til ei av dei som har vore med på å starte tonehimmel, og vi kom hit for fyrste gong i sommar på jakt etter konsertlokale. Peder er gått bort for mange år sidan no og fabrikken lagt ned, men alt står der framleis, verktøy og maskiner, som om arbeidarane nett gjekk ut døra. Nettopp derfor vil vi gjerne skape ein konsert her. 

 

Vi  liker å putte musikken  i lokale som er skikkeleg prega av arbeid og slit, der det ligg både glede og smerte i veggane og golva. Det er så mykje meir i eit slikt lokale som minner om det som har utløyst musikkskapinga i det heile teke, enn det ein finn i ein strigla konsertsal. I tillegg er dette lokalet litt symbolsk ved at det har ein stor port som kan opne rommet opp mot utsikta til dei taggete Sunnmørsalpane. Med porten open er det nærast som om ein er ute og inne på same tid. Det skaper òg  ei merkeleg og fin kopling mellom industri og natur, der spora av menneska sine levde liv ligg ved fjordkanten.

​

På denne konserten vil du få høyre musikk av Jorun Marie Kvernberg, som sjølv bur i Volda, men som er ettertrakta landet rundt både som musikar og komponist. I kveld får vi høyre urframføring av to verk av henne og kanskje lære henne og musikken hennar betre å kjenne. 

 

Den eine urframføringa er Friggs Rokk, som er skrive til akkordeonduoen Storm Duo. Jorun har henta inspirasjon frå norrøn mytologi generelt og kvinnelege gudar og åsynjer spesielt. Eit hovudtema i verket er historia om Frigg som mistar sonen sin, den høgt elska Balder. Kvernberg har spunne på idéen om den altoppslukande sorga. Sidan ho er ei gudinne har temaet også vorte vidareført til ei tenkt sorg ho kanskje kunne ha no i vår tid; ei sorg over naturen og jorda vår som bleiknar og misser dyre- og planteliv.

 

Det andre verket Valfart, er Jorun Marie Kvernberg sitt verk tinga av NyNorsk Messingkvintett. Valfart er også tittelen på debutdiktsamlinga til Kjartan Fløgstad kor Kvernberg hentar songtekstmaterialet ifrå. Verket utforskar klangen i brytninga og samspelet mellom messinginstrument og folkesong/hardingfele/fele. Med folkemusikken som utgangspunkt og palett og Fløgstad sine dikt som inspirasjon og medskapande element finn Kvernberg nye landskap og retningar på si utforskande reise som komponist.

​

I verket «messe norvegienne profane, ser komponist Tze Yeung Ho på det norske gudstjenesteritualet utanfrå og har skapt ei profan norsk messe til teksten «Gud og Hvermann» av forfattar Linda Gabrielsen, der publikum vert invitert til å synge med i messesatsane.

bottom of page