top of page

Soli Deo Gloria
(himmel likevel her?)

Eit rekviem av Magnar Åm skrive til minne om kyrkjebrannen i Grue 1822 der 116 menneske omkom.

laurdag 4. november

Herøy kyrkje kl. 18.00

søndag 5. november

Spjelkavik kyrkje kl.18.00

Billettar 250,- kan kjøpast i døra.

Volda Vokal, Geir Draugsvoll (akkordeon), Samuel Skrede (cello), Magnar Åm (musikk og direksjon)

Første helga i november oppfører Volda Vokal Magnar Åms rekviem «Soli Deo Gloria»,. Verket vart originalt skreve for orgel og uroppført ved 200-årsmarkeringa for brannen. Så skreiv han inn korstemmer, erstatta orgel med cello og akkordion. Den omskreve versjonen vart framført på tonehimmelfestivalen i juni 2023 og kjem no tilbake med same besetning i to nye konsertar. 

Om musikken

Skildringa av den skrekkelege brannen skjer primært i instrumenta, der Geir Draugsvoll (akkordion) og Samuel Skrede (cello) skaper ein slags makaber dans, som tek pusten frå publikum. Så slår det over til milde tonar frå paradiset, som gøymer seg bak denne veggen av lyd. Åm har også brukte nokre kjende salmetonar i stykket: Gjer døri høg, Heilag, heilag, heilag og Hos Gud er evig glede. Desse har han skrive nye tekstar til, og dei spelar med i heile stykket. Det blir eit møte med kjende koraltonar og ein fritonal stil der fleire tone-arter blir lagde oppå kvarandre og skaper ei lysande himmelferd av tragedien.

Magnar seier: Eg spør i tittelen “himmel likevel her?” og i tekstane som koret syng, om ikkje ei slik ro også kan erfarast medan ein enno er i tid(?). Kan me tenkje - og oppleve - at den himmelske roa - som ikkje let seg rokke av noko i tida - kan vere vår heimetilstand både før det fysiske livet, midt i det fysiske livet og etter at ein har lagt det fysiske livet bak seg, sidan det altså er snakk om ei ro løyst frå tid? Me skriv gjerne på gravsteinane “Kvil i fred”. Men viss det kan stemme at det er råd å kjenne denne evige freden, eller i det minste ane den, medan me lever her, er eg freista til å seie til meg sjølv både tidt og ofte “Kvil i fred her du går!”

bottom of page