Komponistar: Rolf Gupta, Jorun Marie Kvernberg, Marie Austrheim Riise
Musikarar: Nordic Voices, Miki Campins (slagverk), Thomas Aanonlie (slagverk),
Tor Dyrseth (kontrabass), Aslak Trønnes Skau (kontrabass), Rolf Gupta (direksjon)
Program:
-
Det gitte av Marie Austrheim Riise (Nordic Voices)
-
Eclipse (formørking) av Rolf Gupta (Nordic Voices, Miki Campins, Thomas Aanonlie, Tor Dyrseth, Aslak Trønnes Skau)
-
Utdrag frå verket Tagal av Jorun Marie Kvernberg (Nordic Voices)
-
Musikk frå Nordic Voices eige repertoar
Om konserten:
Voksa er ei lita øy i Sande kommune. Vi møter dykk på fergekaia og visar dykk stien rundt øya som leiar fram til Kalkbrotet. I femti år vart tonnevis med stein vart hoggen ut her, malen til kalksteinsmjøl og send ut i verda. På 70-tallet vart drifta lagd ned, og tilbake låg eit unikt spor i landskapet, ei utgraving i øya, eit lite rom midt i naturen, eit rom utan tak. Det skaper ein helt spesiell akustikk og ikkje minst ei stille. Voksa ligg vêrhardt til, men inne i Kalksteinsbrotet er det stille, vinden og vêret, alt forsvinn liksom i bakgrunnen her inne, som om ein kom inn i ei anna verd. Dette rommet skal fyllast med tonar av den verdskjende norske vokalgruppa Nordic Voices, både åleine og saman med fleire musikarar frå Møre og Romsdal.
Tagal av Jorun Marie Kvernberg vart opphavleg skrive for vokalgruppa Kvedarkvintetten. Til denne konserten har Jorun Marie skrive om nokre av satsane til Nordic Voices si besetning. Tagal tyder stillteiande, taus eller ordlaus, og verket utfordrar rammene for vokalmusikk ved at tekstelementa er så godt som fråverande. Å 'låte på kjafte', altså å synge instrumentalslåttar, er ei grein innanfor den tradisjonelle folkesongen.
Det gitte av Marie Austrheim Riise, er basert på eit utdrag frå ei tekstsamling som vart skriven av tekstforfattar Jan Inge Sørbø i høve feiringa av reformasjonsåret i 2017, som Marie har tonesett mange av tekstane til. No har ho omarrangert den eine av desse songane til Nordic Voices, og for Marie er dette ein helt spesiell tekst.
Marie fortel: Denne teksten har sett djupe spor i meg, og eg tek han fram med jamne mellomrom. I vår travle tid og i vår jakt etter prestasjonar og sjølvpålagde krav kan vi fort gløyme å stoppe opp, sjå rundt oss, og berre vere til i det vi har fått. Eg trur at vi menneske i dag treng denne teksten. Eg har forsøkt å gi teksten ein melodi og eit arrangement som fortel om ei undrande takksemd. Kanskje med eit alvor i seg, eller ein djup respekt. Mitt håp er at vi kan vere i naturen, i livet, i musikken. I djup takksemd for alt vi har fått.
Verket av Rolf Gupta, Eclipse (formørking), vart skrive i 1988 då Rolf var 21 år gamal, med tittelen Corona. Denne har tidas tann gjort det nødvendig å endre, dessverre, då den tidlegare tittelen er meir dekkjande for verket sin poetiske idé: Under ei solformørking er skinet av sola (kransen, korona) synleg rundt månen sin svarte sirkel.
Rolf seier: Jeg var interessert i tanken om at noe kan anes, men ikke sees. Man vet at noe finnes, uten at det kan defineres.
Tittelen er henta frå Stein Mehren sin diktsyklus med same namn sjølv om ingen av tekstane i samlinga er brukte. I boka Myten og den irrasjonelle fornuft behandlar han forholdet mellom verdsbilde og menneskebilde, rasjonalitet og irrasjonalitet i vår tekniske sivilisasjon. Tida sin fornuft er dei tankane som tenkjer seg sjølve overalt, dei orda som ordnar erkjenningane og vitet vårt. Men denne fornuften er einsidig, for sjølv om den avslører noko, tilslører den samstundes noko anna.
Teksten i Eclipse er henta frå Høgsongen av Salomo og Introitus frå Rekviemmessa på tre språk; latin, tysk og engelsk:
La ham kysse meg med kyss av hans munn.
Lys. Skinne.
Den rytmiske strukturen i verket er utelukkande avleidd av språkrytmen i desse få orda.
Kl. 15.00 samme dag vert det botanisk og historisk vandring på Voksa arrangert av vår samarbeidspartnar Sommarakademiet. Meld deg gjerne på og bli betre kjend med denne spesielle og vakre øya i havgapet.