top of page
IMG_8327.jpeg

tonehimmel-festivalen

​​​​​​​​

​

​24.-27. juni 2027 ​

 

​​​​​​​​Velkomen til tonehimmel 2027!
24.-27. juni blir fullstappa frå morgon til kveld med konsertar, arrangement, samtalar, verkstader, hendingar og mykje anna. ​

​

Hit kjem Det norske kammerorkester, Pekka Kuusisto, Jorun Marie Kvernberg, Maja S. K. Ratkje, Jannik Abel, ​​​

Song Circus, Stemmeklang med fleire.​​​​

​

Her kan du blant anna oppleve:

Nyskrive verk av Jorun Marie Kvernberg for Det norske kammerorkester

Nyskrive stort verk av Maja S. K. Ratkje og Jannik Abel

Nyskrive verk for akkordeon av Knut Vaage

​​Det blir også babykonsert, familiekonsert, verkstad, undring under treeet, samlingar ved kjøkkenbordet, turkonsertar, vandring, fredskonsert og ikkje minst orkesterkonsertar både fredag, laurdag og søndag. Detaljert program kjem på nyåret, men sikre deg festivalpass allereie i dag og bli med på tonehimmel 2027!

 

Festivalpass i sal frå 3. oktober kr 1050,- 

​​

​​​​

​

Alle under 18 år går gratis inn på alle konsertar og arrangement

​

​​​​​

På tonehimmel
er alle deltakarar
komponistar, musikarar, lyttarar,
fuglar, insekt, vinden
alt som er mellom oss er ein del av konsertane våre
vi skaper dei saman
​

ein festival for kunst av levande menneske i samspel med naturen 

for alle frå 0-100 år

​​​​Litt meir om tonehimmel: 

Samtidsmusikk er kunstmusikk laga av menneske som lever i same verd og tid som deg. Kvart år har vi med oss fleire komponistar, og målet vårt er at dei sjølve, gjennom samtale, skal få vise veg inn i sine musikalske univers.

​

Vi har også fleire lokale komponistar og musikarar på programmet. Først og fremst fordi dei skapar fantastisk, men også for å vise folk at samtidsmusikken er nærare enn dei kanskje trur, og finst med mange ulike tonedialektar.

​

​Mange av konsertane våre er utandørs. Musikarar og komponistar står gjerne bak eit tre, sit i ein båt eller er på fjellet. Vi trur naturen er langt meir enn ein fin kulisse, den gir oss eit nærvær og eit ope sinn både for musikken, naturen og for kvarandre. 

KR_Kulturrådet.png
download-2.png
mobelringen.png

Brænne Eigedom AS

Furutunet AS

jazzklubben.png
SFF_logo_svart.png
sparebankenmørelogo.png
images.png
Skjermbilde 2025-10-12 kl. 23.44.55.png
PNG midtstilt svart tekst.png
bkh logo.png
bottom of page