tonehimmel fesival 24.-28. juni 2026
+ konsertar og meir heile året rundt

tonehimmel-festivalen
24.-28. juni 2026
tonehimmel-festivalen 2026 arrangeres fra 24.-28. juni og kvar festivaldag blir fullstappa frå morgon til kveld med konsertar, arrangement, samtalar, verksted, hendeingar og mykje anna.

24.
juni
Undring under treet
Tuntreet på Gamlegymnaset i Volda
Engesetvegen 30
24. juni
kl. 12.00
GRATIS med kaffe
Målet er å snakke saman, dele, undre oss og våge å tenke på store og små ting ved livet. Mangfald er bra og ein kan vere akkurat som ein er, ingen tanke er for stor eller for liten.
Samtalen blir innleia av ein av årets festivalkunstnarar.

Opningskonsert
Eit tjern på Mork i Volda
24. juni
kl. 18.00
Billettar 250,-
alle under 18 år gratis
Urframføring av eit nytt verk av folkesongar og komponist Unni Løvlid.
Unni Løvlid er ein av landets fremste folkesongarar. Ho kjem frå Hornhindal, og til denne konserten har vi invitert Unni til å skape eit nytt verk med grunnlag i musikk frå hennar heimstad, i samspel med lokale songarar, Volda og Ørsta korskule og hornist Marie Solum Gran.
Ta med sitteunderlag:)

25. juni
Baby-konsert
Vevendelvegen 46 i Volda
25. juni
kl. 10.00
GRATIS
Her improviserer Magnar Åm for og med dei minste ved sitt eige flygel - ei sansefylt oppleving for babyar og barn under 2 år i fylgje med vaksen.
Undring under treet
Tuntreet på Gamlegymnaset i Volda
Engesetvegen 30
25. juni
kl. 12.00
GRATIS med kaffe
Målet er å snakke saman, dele, undre oss og våge å tenke på store og små ting ved livet. Mangfald er bra og ein kan vere akkurat som ein er, ingen tanke er for stor eller for liten.
Samtalen blir innleia av ein av årets festivalkunstnarar.
Varshakala
av Harpreet Bansal
Volda kyrkje
25. juni
kl. 21.00
Billettar 250,-
alle under 18 år gratis
Den indisk-norske fiolinisten Harpreet Bansal har skrive verket "Varsakhala" basert på ein kjærleiksfull regn-raga! Verket vert framført av vokalgruppa Song Circus, cellist Svante Henryson og Harpreet sjølv. Konserten er eit sjeldan møte mellom tre heilt unike nordiske musikarar.


26. juni
Barnehagekonsert

Under tuntreet på Gamlegymnaset i Volda
Engesetvegen 30
26. juni
kl. 10.00
FOR INVITERTE BARNEHAGAR
«Muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans»
Musikk: Julian Skar
Musikarar: POING
Forteljar: Maja Ratkje
.
Undring under treet
Tuntreet på Gamlegymnaset i Volda
Engesetvegen 30
26. juni
kl. 12.00
GRATIS med kaffe
Målet er å snakke saman, dele, undre oss og våge å tenke på store og små ting ved livet. Mangfald er bra og ein kan vere akkurat som ein er, ingen tanke er for stor eller for liten.
Samtalen blir innleia av ein av årets festivalkunstnarar.
Koppen, Andersskog og Norddahl
Andaneset
26. juni
kl. 18.00
Billettar 250,-
alle under 18 år gratis
Henrik Koppen, Ingeborg Blom Andersskog og Mari Norddahl er tre kunstnarar som lagar utstillingar og performance-arrangement saman. I løpet av éin time vil dei utføre performancar side om side i møte med landskapet på Andeneset turomårde i Volda der dei undersøker mennesket sin påverknad på omgjevnadane sine.

Kretsløp
av Maja Ratkje
Skog i Volda
26. juni
kl. 21.00
Billettar 250,-
alle under 18 år gratis
"Kretsløp" av Maja S. K. Ratkje er eit verk i 7 satsar komponert rundt gamle norske danserytmar. Verket var opphavleg bestilt til ein kunstinstallasjon/gangsti i skogane ved Harpefoss i Gudbransdalen.
No har Maja skrive om verket til å bli ein duo, som vert framført i Voldas skogar av Frida og Marte Haltli.


27. juni
Ekkodal-
konserten
Turstart fra Barstadsætra i Ørsta
27. juni
kl. 10.00
Turen til Ekkodalen tar ca. 2,5 timar
Konsertstart i dalen ca. kl. 14.00
Når tonar møter fjell. EIn helit spesiel konsert der du blant anna får høyre urframføring av to nye verk: det eine av Marianne Reidarsdatter Eriksen, det andre av Magnar Åm.
Det blir også musikk av Maja S.K Ratkje, alpehorn og anna.
Undring under treet
Tuntreet på Gamlegymnaset i Volda
Engesetvegen 30
27. juni
kl. 12.00
GRATIS med kaffe
Målet er å snakke saman, dele, undre oss og våge å tenke på store og små ting ved livet. Mangfald er bra og ein kan vere akkurat som ein er, ingen tanke er for stor eller for liten.
Samtalen blir innleia av ein av årets festivalkunstnarar.
"Kvit stig morgon skir"
Garvarbua i Volda
27. juni
kl. 16.00
Billetar 250,-
Alle under 18 år gratis
Poet og forfattar Hilde Myklebust les sin nye diktsamling
"Kvit stig morgon skir" i sin heilskap.
Teksten vert etterfylgd av musikk av ensemblet POING.


28. juni
på Jensagarden
Ysting av ost
Jensagarden på Leira
28. juni
start kl. 10.00 - VARER HEILE DAGEN
Mjølka frå geitene på garden blir til ost, og mysa vert kokt til bunost (dette tar heile dagen). Det er mogleg å hjelpe til under vegs og smake til slutt.
Ysteansvarleg er bonden på garden John Inge Leira Bjøringsøy og medyster og besøkande Guro Skatvedt Duc.
Det vert også mogleg å kjøpe ostar.
Undring under treet
Jensagarden på Leira
28. juni
kl. 12.00
GRATIS med kaffe
Målet er å snakke saman, dele, undre oss og våge å tenke på store og små ting ved livet. Mangfald er bra og ein kan vere akkurat som ein er, ingen tanke er for stor eller for liten.
Samtalen blir innleia av ein av årets festivalkunstnarar.
"Or"
eit nyskrive verk om sæterliv og beitedyr av
Maja og Frida Haltli
Jensagarden på Leira
28. juni
kl. 13.00
GRATIS
Frida og Marte Haltli (18 og 17 år) er ein framstormande feleduo som har markert seg som svært dyktige folkemusikarar, men også svært leikende og skapande menneske. Dette er deira fyrste større verk og er skrive på oppdrag frå tonehimmel-festivalen.

Dansekurs for alle frå 0-100 år
med Anne Gjendem og tonehimmels spelemannslag
Jensagarden på Leira
28. juni
kl. 14.00-14.45
GRATIS
Bli med og dans! Saman med dansar og bonde Anna Gjendem inviterer vi til folkedans-kurs på Jensagarden. Dansen kan du nytte på dansefesten kl. 17.00 seinare på dagen om du vil.
Passar for alle uansett alder og erfaring.
Flygel i låven
John Inge og Magnar i samspel
Konsertløda på Jensagarden på Leira
28. juni
start kl. 15.00
GRATIS
Bonden på garden John Inge Leira Bjøringsøy er meir enn bonde, han er også organist, pianist og komponist. På denne konserten møter han Magnar Åm, tonehimmels eigen huskomponist. Du får høyre verk av dei begge og ein felles imporvisasjon på gardens flygel.
Grill og mat
Jensagarden på Leira
28. juni
start kl. 15.00
GRATIS
Vi tenner grillen. Det er mogleg å kjøpe noko enkel mat og drikke, men du kan også ha med grillmat sjølv.
God apetitt!
Dansefesten
Jensagarden på Leira
28. juni
kl. 17.00
GRATIS
Saman med Voldas eigen Jorun Marie Kvernberg, Maja Ratkje, POING, søstrene Haltli og fleire inviterer vi til ein dansefest med samtidas spelemannslag. Dansen vert leia av Anne Gjendem, som vi også får oppleve i solo-dans.
Konserten er inspirert av Jorun Marie og Annas prosjekt Øyrafolk og er støtta av Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Festivalkunstnarar 2026
På tonehimmel
er alle deltakarar
komponistar, musikarar, lyttarar,
fuglar, insekt, vinden
alt som er mellom oss er ein del av konsertane våre
vi skaper dei saman
Velkomen til tonehimmel 2026! 24.-28. juni blir fullstappa frå morgon til kveld med konsertar, arrangement, samtalar, verkstader, hendingar og mykje anna.
Odel er eit underliggande tema ved årets festival, korleis blir mennesket bunde til jorda: historisk, med tradisjon, med arv, ansvar, fellesskap, skaparkraft, draumar og framtidstru, men også på det filosofiske plan, kva gir oss tilhøyrsle, kva tar vi med oss frå ein generasjon til den neste, kva er vårt ansvar og kva slags spor og jord gir vi vidare til generasjonane som kjem etter oss?




















