tonehimmel fesival 24.-28. juni 2026
+ konserter og meir heile året rundt
Bli med å leike og skape med ein av Norges fremste folkesongarar.
Unni Løvlid komponerer eit nytt verk til tonehimmel-festivalen 2026
Vil du bli med på verkstad med Unni 14. og 15. mars i Volda og bli en del av ensemblet som skal urframføre hennar nye verk 24. juni? Send e-post til tonehimmel@gmail.com - merk epost VOKALSPELET26
laurdag 14. mars kl. 10.00-16.00
søndsg 15. mars kl. 10.00-14.00
solokonsert med Unni kl. 18.30
Workshop og konserten er på Gamlegymnaset i Volda, Engesetvegen 30
Vokalspelet er eit prosjektbasert ensemble med opp til 20 deltakarar. Det settast saman av lokale amatørsongarar frå Volda/Ørsta og samarbeider med ulike kunstnarar for kvart prosjekt. Lokalt leiast Vokalspelet av songar, dirigent og pedagog Ingrid Vik Henriksen. Ta gjerne kontakt med Ingrid om du har spørsmål om årets prosjekt (tlf.93431322).
Iår samarbeider Vokalspelet også med Volda og Ørsta korskule!

Unni Løvlid
Unni Løvlid er ein folkesongar frå Hornindal. Ho er soloutøvar, solist og ensemblemusikar, og ho arbeider innanfor feltet folkemusikk og samtidsmusikk.
Løvlid er ein av våre mest ettertrakta folkesongarar. Ho har røtene sine i folkemusikken, men i heile karrieren sin har ho også arbeidd med samtidsmusikk. Som utøvar har ho valt å jobbe breitt med alt frå barnekonsertar til å vere solist med orkester, jobba med band, og gjennomført samarbeid med songarar som EVA-quartet og Annie Ebrel. Ho har turnert store delar av verda og gitt ut produksjonar som So ro liten tull, Vita, Rite, Lux, Hymn og Seven winds. I 2022 gav ho ut albumet Unamna saman med Ingfrid Breie Nyhus og Anne Hytta, der dei har arbeidd med folketonane Edvard Grieg brukte i sitt opus 66. Saman med Marianne Baudouin Lie (cello) har ho duoen Svarteboka, der dei går inn i ulike typar av tonalitet frå eit musikarperspektiv.
Unni Løvlid er førsteamanuensis og leiar av folkemusikkstudiet ved Noregs musikkhøgskole og frilansutøvar.
Ho har motteke fleire prisar og utmerkingar, mellom anna Statens kunstnarstipend, Gammelengprisen og Spellemannprisen.