top of page
Tonehimmel Foto Ida Kippersund Bringslid-14.jpg

tonehimmel

På tonehimmel
er alle deltakarar
komponistar, musikarar, lyttarar,
fuglar, insekt, vinden
alt som er mellom oss er ein del av konsertane våre
vi skaper dei saman

tonehimmel er eit fellesskap og ein konsertarrangør  for kunst av levande menneske

i samspel med naturen  

for alle fra 0-100 år

Litt meir om tonehimmel

Samtidsmusikk er kunstmusikk laga av menneske som lever i same verd og tid som deg. Kvart år har vi med oss fleire komponistar, og målet vårt er at dei sjølve, gjennom samtale, skal få vise veg inn i sine musikalske univers.

Vi har også fleire lokale komponistar og musikarar på programmet. Først og fremst fordi dei skapar fantastisk, men også for å vise folk at samtidsmusikken er nærare enn dei kanskje trur, og finst med mange ulike tonedialektar.

​Mange av konsertane våre er utandørs. Musikarar og komponistar står gjerne bak eit tre, sit i ein båt eller er på fjellet. Vi trur naturen er langt meir enn ein fin kulisse, den gir oss eit nærvær og eit ope sinn både for musikken, naturen og for kvarandre. 

KR_Kulturrådet.png
download-2.png
Logo 11_LysBakgrunn.png
jazzklubben.png
jazzforum-logo_høyoppløselig.jpeg
sparebankenmørelogo.png
PNG midtstilt svart tekst.png
mobelringen.png

Brænne Eigedom AS

Furutunet AS

images.png
bottom of page