
Musikken, naturen og samtalen vert ei heilskapleg oppleving, som kan få folk til å tenkje over kva det vil seie å skape og eksistere som menneske i vår tid.
Magnar Åm, kunstnerisk leiar
​
Festivalsjef: Kaja Skatvedt Robak
kunstnerisk leiar: Magnar Åm
​
Kunstnerisk råd: Solveig Styve Holte, Lars Ove Fossheim, Henrik Koppen
og Ingrid Vik Henriksen
Styremedlemmer:
Ingrid Opedal, Kristin Øye Gjersdal, Anders Nikolay Nerland Kruse
og Ingrid Vik Henriksen
​
tlf. 91801735
​
​
tonehimmel er ein festival og konsertarrangør for kunst av levende mennekse, for alle mellom 0 og 100 år. Vi har tre grunnpilarer: musikk, natur og menneske. Målet er å lyfte samtidskunsten fram til eit breiare publikum, med konserter der kunsten, tilstedeværelsen, omgivnad og samtalen utgjer ei heilskapleg oppleving, som samstundes fremjar refleksjon rundt kva det vil seie å skape og eksistere som menneske i vår tid.
​
Vi lagar ei nyskapande ramme for framføring av samtidsmusikk og samtidskunst der landskapet, vandringa og publikum sin eigne leik, tankar og prat seg imellom er ein viktig del av opplevinga.
Vi ynsjer samstundes å vere ein pådrivar for å skape nye, åpne møteplassar, stadar for refleksjon, undring og lyttande samtale mellom menneske, og mellom menneske og natur.
Vi trur kjennskap til dei menneska som har skapt musikken, refleksjonen og framferda bak aukar folk sine føresetnader for å kunne ta inn kunsten på ein måte dei opplev som meingsfull. Dette tror vi ka åpne opp både samtidsmusikken og samtidskunsten for fleire. ​
​
​