Pressemelding onsdag 30. november 2022:
Tonehimmel omfamnar to nye lokale komponistar

Jorun Marie Kvernberg og Marie Austrheim Riise skriv musikk til tonehimmel 2023.

Foto: Kaja Skatvedt Robak

– Eg vart veldig glad for å bli spurd om å vere med som komponist. Eg likar festivalen, særleg at dei brukar det som er nært, både naturen og komponistar, seier Riise. 

 

Både Riise og Kvernberg skriv på ny musikk som skal framførast på festivalen i juni. 

 

– Eg blir alltid glad når nokon spør meg om å komponere og har hatt veldig lyst til å bli spurd om å vere med på tonehimmel, seier Kvernberg. 

 

Orgel, kor og felespel

tonehimmel er ein festival og konsertarrangør for samtidsmusikk på Søre Sunnmøre. Samtidsmusikk er kunstmusikk laga av menneske som lever i same verd og tid som deg. M ålet med festivalen er å lyfte samtidsmusikk fram til eit breiare publikum, med konsertrekker der musikken, vandring i naturen og samtale utgjer ei heilskapleg oppleving og samstundes fremjar refleksjon rundt det å skape og eksistere som menneske i vår tid. Komponisten Magnar Åm er kunstnarisk leiar.

 

Riise og Kvernberg er kjende og kjære for konsertpublikummet på Søre Sunnmøre, men å skulle vere med på  ein samtidsmusikkfestival var ein litt uvant tanke, innrømmer dei. 

 

– Eg har ofte tenkt at samtidsmusikk er atonal musikk, men det treng det jo ikkje vere. Det med sjangrar er fint på mange måtar, det er fint å fordjupe seg og det er ein respekt for faget i det, men sjangertanken kan også bli hemmande og eg prøver ofte å frigjere meg frå det, vere fri til å skrive den musikken eg vil.  Samtidsmusikk er jo eigentleg eit veldig ope omgrep, seier Kvernberg. 

DSC02033.JPG

Heller ikkje Riise har brukt å tenke på sin eigen musikk som samtidsmusikk, men var ikkje i tvil om at ho skulle seie ja då Magnar Åm, tonehimmels kunstnariske leiar, ringde.

– Eg har skrive veldig mykje forskjellig, det heng ofte saman med kven eg skriv for. Det eg er i gang med å komponere til tonehimmel blir veldig transparent, nær og ærleg musikk, seier ho. 

 

Pling-plong-fordommar

Også i 2023 hadde tonehimmelfestivalen lokale komponistar på programmet:  Bert Handrick, Roar Goksøyr Lillebø og Øyvind Lied. Alle tre vil vere å finne på programmet også neste år, då i selskap av Riise og Kvernberg. Å bruke lokale komponistar som ein sentral del av programmet er ikkje eit tilfeldig eller lettvint val, fortel Magnar Åm. 

– Tonehimmel har som mål å la folk få oppleve musikk som blir skapt i dag og å gjere dei opne for å oppsøke slik musikk, sjølv om, og kanskje nettopp fordi, den representerer noko dei ikkje kjenner frå før. Skal me nå det målet, er det viktig at me ikkje berre serverer musikk laga av komponistar få eller ingen blant publikumet vårt kjenner, men at me også lèt dei få høyre musikk laga av menneske dei møter nær sagt dagleg og har ein viss kjennskap til. Dermed kan me også vere med på å utvide omgrepet "samtidsmusikk", som mange kanskje på førehand har ein fordom mot og plasserer i kategorien "uforståeleg pling-plong". I staden får dei no høyre musikk av sambygdingar som kanskje talar meir direkte til dei, seier Åm. 

 

Han er ikkje i tvil om at musikken til Kvernberg og Riise passar inn i tonehimmel.

 

– Dei lagar høgst "forståeleg" musikk, men legg likevel for dagen personlegdom i det dei komponerer. Kvernberg er kjend og elska landet rundt for musikken sin. Marie er ein kjend og kjær organist og kordirigent i Ørsta og Volda og har sett opp eigne komposisjonar med lokale musikk- og songkrefter ved fleire høve, og er slik ein komponist som veit å utnytte potensialet som finst i bygdene og dermed trene både utøvarar og lyttarar til å vere mottakelege for nye tonar, seier Åm.

Har sleppt folkemusikkramma

Kvernberg, som  har ein lang karriere som folkemusikar, men dei siste åra har det å skrive musikk for andre vorte ei stor interesse og ein stadig større del av arbeidskvardagen. Kvernberg meiner musikken hennar også har vore i endring.

 

– Eg har sleppt folkemusikkramma litt. Tradisjonsmusikken er framleis min store inspirasjon, men eg har dei siste åra også  omfamna den klassiske bakgrunnen min, ein bakgrunn eg ofte har kjent på at eg måtte vekk frå som folkemusikar. No kombinerer eg og brukar det eg vil frå begge leirane, sier ho. 
 

Publikum vil nok likevel kunne kjenne henne att i musikken, meiner Kvernberg.

– Tradisjonsmusikken er framleis min store inspirasjon og musikken min er framleis ofte formdelt og så er eg glad i å ha ei sterk melodilinje, så publikum vil nok kunne kjenne meg att i musikken, seier ho

 

Norrøn mytologi og sorg

Den eine av komposisjonane til Kvernberg, som skal framførast under tonehimmel, er skrive for akkordeonduoen Storm Duo. I verket hentar Kvernberg inspirasjon frå norrøn mytologi og historia om gudinna Frigg, Odin si kone.

– Det er ganske dramatisk musikk, med mykje bulder og brak. Samstundes er det også musikk med alvor, det handlar også mykje om sorg, både morssorg, ei sorg over verda og sorga over øydelegging i naturen, fortel Kvernberg.

Bolstad og Gupta blir fokuskomponister på  tonehimmel 2023

Pressemelding laurdag17. september 2022

Foto Signe Fuglesteg Luksengard (3).jpg
gupta2019_0118.jpg

Kristin Bolstad og Rolf Gupta skal vere gjestekomponistar under tonehimmel 2023. Dei skal skrive kvart sitt tingingsverk til festivalen, som neste år vert utvida til ei heil veke og varer frå 19.-25. juni. 

 

Både Gupta og Bolstad skal skrive for messingkvintett og for kvar sin spesifikke stad. Bolstad sitt verk skal urframførast på Rotavetnet medan musikarane sit i kvar sin båt og vert rodde over vatnet. Gupta skal skrive sitt stykke til “Ekkodalen” i Ørsta, ein dal på fjellet 675 meter over havet, som har ein atterljom på opp mot 5,5 sekund. Tingingsverka er støtta av Kulturrådet og skal spelast to gonger på festivalen, ein gong ute og ein gong innandørs.

 

Natur, musikk og menneske

Tonehimmel er ein nystarta samtidsmusikkfestival på Sunnmøre og vart arrangert for fyrste gong i 2022. På tonehimmel er ingen publikum, hos oss er alle deltakarar. Komponistar, musikarar, lyttarar, fuglar, insekt, vinden og alt som er mellom oss er ein del av konsertane våre. Vi skaper dei saman. 

På programmet har vi samtidsmusikk, kunstmusikk laga av menneske som lever i same verd og tid som deg. Mange av konsertane våre er utandørs, musikarar og komponistar står gjerne bak eit tre, sit i ein båt eller er i ein dal på fjellet. Vi trur naturen er langt meir enn ein fin kulisse, den gir oss eit nærvær og eit ope sinn både for musikken, naturen og for kvarandre. 

 

Venskap og skaping i vår tid

Kvart år har vi to gjestekomponistar, det er deira verkliste som styrer når vi set festivalprogram, vel konsertstadar og musikarar. 

 

Vi ynskjer å starte venskap med dei på vegner av alle som kjem på festivalen, og på årets program vil vi også presentere fleire tidlegare verk av dei to. I tillegg til musikken, er  samtalar også ein viktig del av konsertane våre. Målet er at komponistane sjølve skal få vise veg inn i sitt musikalske univers, at vi skal bli kjende med dei også: kven er dei og korleis er det å skape i vår tid.

 

Gupta og Bolstad

Rolf Gupta har ein lang karriere som komponist og er i tillegg ein av vår tids sentrale norske dirigentar. Musikken hans har vorte svært godt mottatt. Den har dei seinere åra endra seg, og han har mellom anna henta mykje inspirasjon frå sine indiske røter. I 2020 skreiv han verket “Jordens sang”, som handlar om skapinga av jorda og mennesket si leiting etter svar. Verket vart hylla både av publikum og kritikarar og for dette vart Gupta også tildelt prisen “Årets verk” av Norsk komponistforening. 

 

Kristin Bolstad er komponist, vokalist og musikar. Ho er kjend for si interesse for klang, det fysiske rommet og musikken som eit uttrykk for kjensler. Ho har jobba mykje med stadspesifikke komposisjonar, og dei romlege og akustiske parametra er ofte utgangspunktet når ho skaper.  Musikken hennar har vorte framført av ei rekke leiande ensemble og orkester.

 

Kjem att etter 15 år

For Bolstad er det ekstra spesielt å kome til Volda og Sunnmøre. For 15 år sidan studerte ho komposisjon her hos tonehimmels kunstnariske leiar, Magnar Åm.

– Å møte og studere med han vart omveltande for meg. Eg hadde skrive musikk heile livet, men trudde ikkje det var noko. Han klarte å rette spegelen mot meg og viste meg at eg har noko her, seier Bolstad.

 

Då ho reiste frå Volda sette ho punktum med eksamensverket, skrive for og urframført i det lokale symjebassenget.

 

– No kjem eg tilbake og skal skrive for det verkeleg store og naturlege bassenget i Volda, Rotevatnet. Det gir meg frysningar, seier ho.

Elskar ekko

Heller ikkje Rolf Gupta var i tvil då Magnar Åm ringde. 

- Eg var ikke i tvil, dette ville eg vere med på. Magnar sitt forhold til det nære, både i kulturen og naturen har alltid vore inspirerande og så elskar eg ekko, seier han.

 

I tillegg til musikken og naturen gler Gupta seg til samtar og møte med publikum. At fleire av konsertane skal vere utandørs, der vegetasjon, snøsmelting, vêret, dyr og andre ting kan påverke det musikalske resultatet, bekymrar ikkje han.

 

– Det uføreseielege er nydeleg, seier Gupta.

 

Begge tingingsverka skal urframførast av NyNorsk Messingkvintett. Kva andre ensemble og verk som kjem på programmet vert lansert før jul.