"Bein og boge"
Ein kunst- og lydinstallasjon for barn
frå 3-20 år i fylgje med vaksen
26.-29. juni - ope heile døgnet
GRATIS
Kunstnarane er tilstades og guidar besøkande frå kl. 10:30-12:00 kvar dag.

I eit lite skogsholt ved Rotevatnet vil publikum møte fleire kunstverk av bein, tre og ull, og spesialbygde instrument laga av bein. Installasjonen innbyr til både oppleving og interaksjon, og er skapt for at barn skal få møte kunst gjennom å sanse, ta på, lytte og spele på dei ulike instrumenta med naturen sine lydar som bakteppe.
Verket er skapt av biletkunstnar Cecilie Hole og musikar/komponist Hildegunn Hovde.
Kunstnarane er tilstades ved installasjonen frå 10:30-12:00 kvar dag som guidar for publikum.
Til desse tidene har dei også med supplerande materiale til utforsking for barn.
Det er også mogleg å besøke installasjonen andre tider på dagen. Ta med eigne hovudtelefonar utanom visingstidene. Ved å skanne ein QR-kode får du høve til å lytte til to korte musikkstykke som er komponerte til installasjonen.
Bein og boge (Hole & Hovde, 2025) er eit bestillingsverk til tonehimmel 2025, som passar for barn frå 3–10 år i fylgje med vaksne.
Cecilie Hole
Det forgangne og det levande vert samein i kunsten til Cecilie Hole. Ein fiskestim laga av over 200 kjevebein, ein fuglesverm av ryggvirvlar, sjølve livssyklusen representert gjennom 60 okseskallar – dette er berre noko av det du kan forvente av den hjarterå, fengslande kunsten hennar. Hole, som tidlegare har studert ved Ålesund Kunstfagskule og Høgskulen i Volda. Ho er no busett i Hareid. Ho arbeider ofte med alvorlege tema som livsgongen frå fødsel til grav. Med effektiv bruk av motiv og fargar, fangar bileta hennar tilskodaren, og nektar å sleppe.
Hildegunn Hovde
Hildegunn Hovde er ein songar, musikar og komponist opphavleg frå Vågå, og bur no på Lauvstad i Volda. Ho er utdanna klassisk songar frå Noregs musikkhøgskule, og har i tillegg røter i den vokale folkemusikken frå Gudbrandsdalen. Gjennom oppveksten i Vågå lærte Hovde folketonar frå bestemor si, og desse folketonane har fylgt henne sidan. No arbeider ho med vokal folkemusikk og komposisjon. I tillegg er ho tilset ved Høgskulen i Volda, der ho mellom anna underviser i og forskar på song i barnehagen. Hovde utforskar stemme, instrument og objekt frå naturen i møte med musikk.




