top of page
tonehimmel
 er alle deltakarar
komponistar, musikarar, lyttarar,

fuglar, insekt, vinden
alt som er mellom oss er ein del av konsertane våre
vi skaper dei saman

Vekomen til tonehimmel 2024,

ein leiken samtidsmusikkfestival på Sunnmøre

25.-30. juni samlar vi menneske, musikk og natur i spanande konsertar og opplevingar. Hos oss håpar vi  alle møter noko nytt, i eit samspel der det ikkje finst reglar, men der det handlar om å lytte, leike og vere open for kvarandre. Saman skaper vi ei annleis og spanande veke.

 

Bli med på tur og ta gjerne med heile familien!

tonehimmel passar alle frå 0-100 år

Litt meir om tonehimmel

Samtidsmusikk er kunstmusikk laga av menneske som lever i same verd og tid som deg. Kvart år har vi to fokuskomponistar og målet vårt er at dei sjølve, gjennom samtale, skal få vise veg inn i sine musikalske univers.

Vi har også fleire lokale komponistar på programmet, først og fremst fordi dei har skrive fin musikk, men også for å vise folk at samtidsmusikken er nærare enn dei kanskje trur, og finst med mange ulike tonedialektar.

Mange av konsertane våre er utandørs, musikarar og komponistar står gjerne bak eit tre, sit i ein båt eller er på fjellet. Vi trur naturen er langt meir enn ein fin kulisse, den gir oss eit nærvær og eit ope sinn både for musikken, naturen og for kvarandre. 

tonehimmel har også ein konsertserie med konsertar på Sunnmøre heile året gjennnom 

bottom of page