top of page
flytekonsert (1).jpg

Velkommen til
ein 
konsert idet våte,
der det vert spelt både på
og i vatnet.

 

Ein konsert i det våte, der det vert spelt både på og i vatnet. Ta med badetøy!

​

På programmet står to verk:
«Frå panikk til boblekyss» av Kristin Bolstad
«her, i oppstoda (flytande)» av Magnar Åm

​

«Frå panikk til boblekyss» vert framført i konkurransebassenget og er eit leikent verk der rommet og vatnet er ein sentral del av musikken. Klinkekuler, vassbøtter, stupetårn, songarar, fiolin, trompet, piano, vibrafon og papirbåtar er ein del av besetninga. 

​

Dette var Bolstad sitt fyrste store verk og vart opphavleg skrive til symjehallen i Volda i 2008. Nå gjennoppstår verket i eit nytt basseng, men er framleis fullt av overraskande impulsar og lure påfunn.

​

Etter å ha lytta til dette verket frå sine plassar “på det turre”, blir alle i publikum inviterte ut i varmtvassbassenget, for å oppleve Åm sitt verk «her, i oppstoda (flytande)». Eit meditativt verk som spreier seg under vassflata frå høgtalarar på botnen av bassenget. Du som publikumar må flyte på rygg med øyra under vassflata for å oppleve musikken og kanskje ei kjensle av tidløyse. 


To dansarar er også ein del av verket. Dei rører seg i vatnet saman med publikum og tilbyr seg å føre dei som ynskjer det som stille båtar gjennom bassenget. Åm vil også improvisere små pianostykke tileigna einskildpersonar som passerer eit visst punkt i bassenget undervegs, og pianospelet vert ført ned i bassenget saman med verket som alt rører seg der nede i djupet.

​

Du kan låne flytepølser og anna flyteutstyr gratis i Sunnmørsbadet, men du må ha med BADETØY, handduk og nysgjerrigheit!

Billettar kan kjøpast i døra eller på tikkio
vaksen 250,- 
studentar 150,-
gratis for alle under 18 år

​

(Medverkande musikarar: Magnus Bugge, Geir Hjorthol, Øystein Salhus, Magnar Åm, Karen Rosenberg Olsen, Ingrid Vik Henriksen og Marte Grønvold Nilsen).

​

Konserten er laget med støtte fra

​

KR_Kulturrådet.png
sparebankenmørelogo.png
bottom of page