top of page
Black and Grey Bold Simple Vintage Photo Studio Facebook Event Cover (2).jpg
KR_Kulturrådet.png
sparebankenmørelogo.png
rundemiljøsenter.png

 

Søndag 26. mai kl. 12.00

Runde miljøsenter

billettar 250,-

rabbatert billett (for alle dei som ynskjer) 150,-

born under 18 gratis

​

​

​

Med søppel frå strandryddeaksjonen på Eika/Eiksund i mars lagar lydkunstnarane Hans Robert Bondhus og Robert Løkketangen (Thermistor) eit improvisasjonsverk som set lys på menneske, miljøkrise og teknologioptimisme. Søpla er omgjort til instrument mellom anna ved hjelp av kontaktmikrofonar, som tek opp lyden inne i søpla. Omfanget av stykket er direkte kopla til det dei finn i fjøra, og lyden blir samklang av ryddeaksjon, barneleik og klimasynder gjort av ein annan generasjon.   

 

Konserten og ryddeaksjonen skal arrangerast i samarbeid med Runde miljøsenter.

​

Konserten passar for heile familien og det er også mogleg å oppleve andre ting på Runde miljøsenter denne dagen og på øya generelt:

​

Kaféen og utstillinga er opne frå 10:00 – 18:00. Det er mogleg å kjøpe lunsj eller middagsrettar,  kaffi/kake og softis for den som ynskjer. 

 

Det er mogleg å melde seg på fylgjande aktivitetar denne dagen:

Omvising på senteret, start klokka 15:00

Lundesafari med naturrettleiar (inkludert middag og omvising) ,start 17:00

Oversikt over turar og påmelding ligg her: https://www.opplevrunde.no/opplevingar

 

For borna er det mogleg å gå på ei lita skattejakt, og det er spennande aktivitetar inne knytte til Rundeskatten. Miøjøsenteret har også utlån av små håvar og vasskikkert.

bottom of page