top of page
IMG_9334.jpg

Verkstad i stadsspesifikk komponering
med Kristin Bolstad 

Tysdag 25. juni kl.10.00
Kaarstad-huset på Høgskulen i Volda

I denne verkstaden vil komponist Kristin Bolstad undervise i korleis ein kan bruke ein stad eller eit rom som utgangspunkt for komponering av eit musikalsk verk, samt korleis ein kan integrere utanommusikalske parameter som del av det musikalske verket. 

 

Her får ein innblikk i Kristin Bolstads eige arbeid med stadsspesifikke komposisjonar og tankegodset hennar rundt dette - der intensjonen ofte er at komposisjonen skal «vere» rommet/staden, kunne fortelje det og uttrykkje det; framheve det. Men også det motsette, at rommet/staden skal «vere» komposisjonen, kunne fortelje den og uttrykkje den; framheve den.

 

Vi ser på korleis ein kan tenkje rundt det å leggje til rette for eit møte mellom dei lydlege, sanselege, emosjonelle og visuelle parametra i opplevinga av eit stadsspesifikt verk. 

 

Deltakarane sine komposisjonar vil verte framførte på vandringskonserten i Volda-skogen fredag 28. juni kl. 19.00.

​

Meisterklassen er open for alle og gratis. 

bottom of page