top of page

Sylinder

Ei tverrkunstnarisk framsyning av ensemblet Presens i samspel med skulpturane til kunstnar og
møbeldesignar Peter Opsvik
​
​
7. juli kl. 14.00 og kl. 16.00
Galleri Cylindra i Tusvik, Sykkylven
(i samarbeid med tonehimmel)

​

Billettar kan kjøpast på forehand eller i døra. 

I kanten av Storfjorden i Sykkylven ligg Cylindra, eit galleri der
kunstobjekt designa av Peter Opsvik inviterer til ei reise i
tankar og fantasi i grenselandet mellom funksjonalitet, kreativitet og leik.
Med nokre av desse objekta som utgangspunkt har gruppa Presens
skapt ei tverrkunstnarleg framsyning med tittelen «Sylinder». 
​
Dei unike Cylindra-objekta, designa av Peter Opsvik, hentar inspirasjon
både frå naturen på Vestlandet og kjenslelivet til oss
menneske. Denne særeigne kombinasjonen av materialitet og
humanitet, estetikk og funksjonalitet, saman med den
storslegne sunnmørsnaturen som omkransar galleriet, er utgangspunkt
og ramme for det nye prosjektet til Presens, der dans,
video og musikk går i dialog med dei fysiske objekta til Opsvik og
naturen rundt.
​
 
Sylinderforma er ein gjennomgangsfigur i Opsviks design og kunst, slik
han formulerer det sjølv: «Sylinderen i massivt tre
oppfylte mine ønsker! Overflaten på sylinderen ga full frihet til å forme
den, og sylinderens indre volum kunne brukes til
funksjonelle formål».


Presens ensemble består av: 
Andreas Barth – perkusjon
Geir Hjorthol – trompet, elektronikk, vokal
Einy Åm Sparks – dans, koreografi, filmredigering, vokal
Tyler Sparks – filmfotografi og visuelle effektar
Magnar Åm – piano, glas, keyboard, vokal

​

Lenke til Cylindra galleri

bottom of page