Eit krasjkurs i kunstverda
med tonehimmels største amatør
Måndag 24. juni kl.18.00
Botnasanden
Kurset varer i ca. 15 minuttar
Har du inga erfaring med kunst og kultur? Trur du kunst og kultur ikkje er noko for deg, eller at tonehimmel er noko merkelege og sære greier for spesielt interesserte? Kan hende har du rett, men kanskje er du også akkurat den vi leitar etter. Som eit oppspark til tonehimmel 2024 inviterer tonehimmels største amatør og daglege leiar Kaja Skatvedt Robak alle nysgjerrige til eit krasjkurs i kunst på 15 minutt for born i alle aldrar, frå 0-100 år (altså også vaksne).
Arrangementet er gratis og ikkje nok med det, alle som kjem får gratis billett til opningskonserten tysdag 25. juni i Fosnavåg.
Passar også for den som meiner ein veit kva kunst er. Amatøren Robak er ikkje så sikker på om nokon eigentleg kan skjøne... eller det om å forstå eigentleg er poenget.