top of page
frosk.jpeg

“Eg er ein frosk”  

Barne – og familiekonsert med figurteater av Kristin Bolstad

fredag 23. juni

Kl 18.00 Familiekonsert på jonsokfesten

på Haueleitet (bygdetunet) i Volda

Gratis

Program

Kl 17.00     går fantetoget frå prestegarden, bli med!

Kl 18.00     familiekonsert i den gamle løda på Haueleitet

 

Bli med på ei musikalsk reise i froskeperspektiv!

Om konserten:

Eg er ein frosk er ei morosam og kanskje litt surrealistisk konsertoppleving for heile familien. NyNorsk Messingkvintett speler  kvekkande froskerytmar og kontratenor Sean Bell syng og styrer figurteateret. Nokre gongar er det som om figurane lever sitt eige liv – dei forsvinn, gøymer seg og dukkar opp att  andre stader  enn der dei skal vere. Og kva er det eigentleg som er oppi tubaen?

​

Med utgangspunkt i bøkene Eg er ein frosk (2007) og Det (2010) av Kurt Johannessen, har Kristin Bolstad skrive  ei musikalsk forteljing for messingkvintett, kontratenor og figurteater. Tormod Fuglestad har regien, og Ingrunn Myrland har laga figurteateret. Tekstane til Johannessen tek opp relativt store og eksistensielle tema. Dei er fine å formidle til born, sidan born ofte har lett for å følgje den fantasirike og drøymande måten tekstane endrar form på. 

​

Framsyninga passar for heile familien, og eignar seg for born heilt ned i 2-årsalderen

 

Musikarar: NyNorsk Messingkvintett og Sean Bell ( kontratenor)

Musikk: Kristin Bolstad

Tekstar: Kurt Johannessen

Regi: Tormod Fuglestad

Figurteater: Ingrunn Myrland

​

Konserten er arrangert i samarbeid med Volda Sogelag og Jonsokbålet vert tent av musikarane etter framsyninga! 

bottom of page