top of page

Full aksept - ein open improvisasjonskonsert

Fredag 28. juni kl. 22.00 

Volda kyrkje (GRATIS og open for alle)

​

Denne konserten er meint som eit frirom for alle som kjem, der alt er lov. Om ein spelar eit instrument, syng eller berre lyttar og tek inn, er ein fullt ut akseptert og velkomen til å delta i samanhengen. Her finst det ingen rette svar, ingen forventningar og ingen kritikk. Her er alt lov. Målet er å skape ein augneblink, ein time med tonar, som berre er her og no for dei som er til stades.

​

PS: Ta gjerne med yogamatte eller liknande om du ynskjer å ligge under lyttinga.

bottom of page