top of page

Gratis føremiddagskonsert
"samtidsmusikk for folk flest"
med NyNorsk Messingkvintett

292016290_588446862902075_8985189209750629572_n_edited.jpg

Fredag 28. juni kl.12.00 

i Kalsethola i Volda (på veg mot Rotsethornet)

​​

​

Ein liten konsert som passar både for deg som elskar tonehimmel, men også for deg som lurer på kva dette er for noko. NyNorsk Messingkvintett, eit fantastisk ensemble som har vore med på tonehimmel siden starten, fem svært dyktige musikarar gjev oss fleire ulike verk, ein slags smaksprøve på kva samtidsmusikk i vill natur kan vere. Ein konsert på om lag 30 minutt spelt frå Kalsethola, eit vakkert usiktspunkt i Volda.

​

Program:

  • Ein smakebit av Ørjan Matre sine "10 fanfarer for folk flest"eit knippe humoristiske og morsosame fanfarar som er vridd og vend på, dei funkar for både samtidsnerder og dei som aldri har høyrt samtidsmusikk før. 

  • Ein smakebit av "Arv" av Torstein Aagaard-Nilsen Folkemusikkinspirert stykke, vennleg og lett fordøyelig for alle.

  • "Hornflowers" av Nils Henrik Asheim

             eit verk som er poetisk og litt underfundig.

bottom of page