top of page

Improvisasjonskonsert med Magnar Åm i hans eiga stove

Onsdag 26. juni kl. 12.00

Vevendelvegen 46, Volda

Velkomen heim til tonehimmels kunstnariske leiar.  

Magnar Åm er ein norsk komponist som er internasjonalt anerkjend for si svært særeigne og personlege stemme. På denne konserten får du møte han der han trivst aller best, i leik med sitt eige flygel heime i stova. Over desse tangentane har mange komposisjonar funne vegen ut i livet. Denne konserten er ein rein improvisasjonskonsert, og kva tonar og kjensler som kjem kan ingen vite.

Konserten varer i ca. 45 minutt.

bottom of page