top of page

Ei svele gjer ingen sommar”

IMG_0436.heic

Ei gratis familieframsyning

​

Søndag 30. juni kl. 12.30  Uppheimsparken i Volda

Søndag 30. juni  kl 14.30 Tussaparken i Ørsta

​

Historie og arr.: Magnar Åm

Dirigent: Ingrid Vik Henriksen 

Musikarar: ​Volda og Ørsta korskule, Magnar Åm, Kjell Andreas Oddekalv, Robert Løkketangen og Øyvind Lied

​

«Ei svele gjer ingen sommar» er namnet på eit syngespel som fyrst vart framført og spelt inn i 1986 av Volda skulekor, under leiing av Magnar Åm og artist og komponist Kenneth Sivertsen.

 

Syngespelet er samansett av populærmusikk frå 80-talet, Sivertsen sine eigne songar og internasjonale folketonar, med nynorske tekster og i arrangement av Åm. Songane vert sydde saman til eit leikent eventyr om ei svele som Magnar sjølv fortel.  Eventyret foregår nettopp her i Volda og Ørsta, men løftar oss på finurleg vis opp og opnar augo våre for verdssamfunnet vi også er ein del av. Alt gjennom perspektivet til ei lita, nyfiken svele som ønskjer å gjere oss alle mette og glade.

​

Under tonehimmel 2024 skal «Ei svele gjer ingen sommar» igjen settast opp som konsert. Sidan 80-talet har Volda skulekor endra namn til Volda og Ørsta korskule, og det er desse barnekora som er hovudaktørar i nyoppsettinga saman med fleire dyktige musikarar.

​

Vi lovar at du også vil oppleve ei ny og folkeleg side av Magnar Åm.

bottom of page