top of page
DB380932-BAFB-44CD-AD15-254D504F913C.jpg

Opningskonsert tonehimmel 2024

Tysdag 25. juni kl.19.00
Båthallen i Fosnavåg

Ein sunmørsk kollasj

Velkomen til tonehimmel si nye storstove, vi kallar ho Industrikatedralen, det nedlagde verftslokalet i Fosnavåg. Til vanleg vert bygget nytta til vinterlagring av fritidsbåtar av eigaren Herøy båtlag. Men sommarstid står det tomt når båtane vert sette på sjøen att. Det står her tomt og ventar på at vi saman skal fylle det 25 m høge rommet med tonar og tankar.  I industrihallen sin rike etterklang opnar vi årets tonehimmel-festival med eit musikalsk krafttak frå Sunnmøre, med både komponistar og ensemble frå Ålesund og Volda.

Program:

  • Urframføring av verk for strykekvartett og bandoneon, av Øyvind Robak (Ålesund strykekvartett og Øyvind Robak)

  • "Prisms" (verk i 3 satsar) av Kjell Flem (Ålesund Strykekvartett)

  • Eit nyskapande og delvis improvisert verk tileigna dette spesielle konsertrommet av gruppa Presens (Magnar Åm, Geir Hjorthol, Andreas Barth og Einy Åm Sparks)

IMG_0439.heic
Ålesund strykekvartett.jpeg
kjell flem (Robert Skeide.jpeg
MONTASJAR_Foto_TylerSparks_leveled_sm.tif

Slik kjem du deg til Båthallen

Adresse: Nørvågvegen 30, 6090 Nørdrevåg (FOSNAVÅG)

Link til googel veibeskrivelse 

bottom of page