top of page
tonehimmel2022_edited.jpg

Opningskonsert

sundag 18. juni 

Kl 19.00   Hjørundfjord kyrkje, Sæbø

Billettar 350,- 

Alle under 18 år gratis

Program

  • "Jordens vuggesang "av Rolf Gupta 

          Magnar Åm (piano) Ai-Ling Chiu (fiolin), Samuel Skrede (cello)

  • Rekviemet "Soli Deo Gloria (himmel likevel her?)" av Magnar Åm

         Geir Draugsvoll (akkordeon), Samuel Skrede (cello), Volda vokal

Komponistar: Rolf Gupta og Magnar Åm

Musikarar: Geir Draugsvoll (akkordeon), Samuel Skrede (cello),

Ai-Ling Chui (fiolin), Magnar Åm (direksjon og piano), Volda Vokal (kor)

Om konserten:

Velkomen til tonehimmel 2023! Vi opnar festivalen med ein konsert som tek oss rett inn i livets alvor og store spørsmål. Sjølv om konserten består av berre to verk som begge handlar om dei store spørsmåla i livet, så trekker dei likevel i kvar si retning og dannar eit spenn frå vogge til grav og frå før skapinga til livets slutt.

 

Rolf og Magnar kjenner kvarandre frå før, men kva veit vi om dei?  På konserten vil vi snakke med dei begge og dei vil snakke saman. Kven er dei? Kvifor skaper og skriv dei? Kva driv dei og kva tenkjer dei om sin eigen musikk? Og ikkje minst kva tenkjer dei om verka vi skal få høyre i kveld?

 

Rolf er ein av årets to fokuskomponistar. Han har ein lang karriere både som komponist og som dirigent. På denne konserten får du høyre verket Jordens vuggesang, eit verk som er basert på materiale frå sopranarien i oratoriet Jordens sang som Gupta skreiv i 2019,  og som han har fått både lovord og prisar for. Teksten i arien henta han frå ein 3000 år gamal vedisk hymne der forfattaren undrar seg over skapinga. Kva eksisterte før skapinga? Det kan ikkje ha vore døden eller udødelegdomen. 

Kven skapte skapinga - det kan jo ikkje ha vore gudane? Mennesket kom jo først. Det høgste vesenet i himmelen har kanskje svaret. Eller kanskje han heller ikkje veit.

 

Rolf seier sjølv om verket Jordens vuggesang:  Jeg forestiller meg en mor som synger sitt nyfødte barn i søvn. Hun fortsetter å synge etter at barnet har sovnet mens hun undrer seg over de spørsmålene vi kanskje aldri får svar på.

 

Hovudverket i opningskonserten er  rekviemet Soli Deo Gloria (himmel likevel her?) av Magnar Åm, kunstnarisk leiar i tonehimmel. Rekviemet er skrive til minne om dei 116 som  omkom i kyrkjebrannen i Grue. 1. pinsedag 1822 og vart urframført i 2022 under 200-årsmarkeringa for den katastrofale ulukka. Rekviemet er opphavleg skrive for orgel, men er no omskrive til besetninga akkordeon, cello og kor. 

 

Rekviem tyder “kvile” og er i tradisjonen ei bøn om at dei som nett har gått bort må få erfare den roa som transenderer tida, “evig kvile”. Den kvila som rekviemet snakkar om, er altså ikkje ein evig søvn, men ei vaken ro som er uavhengig av tid og all den strid som er knytt til livet i tid. I tradisjonen finst ei slik ro berre etter den fysiske døden. 

 

Magnar seier: Men eg spør i tittelen “himmel likevel her?” og i tekstane som koret syng, om ikkje ei slik ro også kan erfarast medan ein enno er i tid(?). Kan me tenkje - og oppleve - at den himmelske roa - som ikkje let seg rokke av noko i tida - kan vere vår heimetilstand både før det fysiske livet, midt i det fysiske livet og etter at ein har lagt det fysiske livet bak seg, sidan det altså er snakk om ei ro løyst frå tid? Me skriv gjerne på gravsteinane “Kvil i fred”. Men viss det kan stemme at det er råd å kjenne denne evige freden, eller i det minste ane den, medan me lever her, er eg freista til å seie til meg sjølv både tidt og ofte “Kvil i fred her du går!”

​

Etter konserten ca. kl 20  sit Magnar og  Rolf ved bålplassen i Kapteinskvia på Sæbø

(gåavstand frå kyrkja) og vil gjerne snakke med publikum om musikken, tankane og opplevinga deira. Det er heilt uforpliktande å kome. Ein må ikkje seie noko, det  er  heilt lov å berre lytte.

bottom of page