Velkomen til konsert i Volda kyrkje! POING er som alltid trollmennene Frode Haltli på akkordeon, Rolf-Erik Nystrøm på saxofon og Håkon Thelin på kontrabass.
Magnar Åm "ved bredden av det evige sekund"
Kva er det med klangfulle rom, enten det er ein dal med mange ekko, ein industrihall, ein katedral, ein tunnel eller eit mausoleum? Det at veggene svarar. Dei velkomnar alt ein kjem med og gir det støtte, fylde og ettertanke. Slike rom kjenner musikken seg elska av.
Program:
I etterklangens lys (solo kontrabass, 2011)
Ved bredden av det evige sekund (solo akkordeon, 1995)
sårt hardt, sårt mjukt (solo saxofon, 2020/2022)
Tre stykke for saftig akustikk (2022)
I: er tomrommet bakanfor
II: gøymt av rørslene
III hinsides lys og mørke
Billettar:
Vaksen: 250,-
Student: 150,-
Alle under 18 år: Gratis