Rotevatnet4.jpg

Konsert ved og på Rotevatnet

Ei konsertvandring frå grindløda ved Volda Stadion til Botnasanden
laurdag 25. juni kl. 10.00 

Engegårdkvartetten 

NyNorsk Messingkvintett

Øyvind Robak og Kari Standal Pavelich (fiolin)

Programleiar: Magnar Åm

Her blir publikum tekne med på ei vandring langs Rotevatnet, med musikkinnslag ved starten frå grindløda på Volda Stadion, intervju med fokuskomponist Ricardo Odriozola midtvegs langs vatnet, og landskapskonsert når ein har nådd Botnasanden: urframføring av Odriozolas bestillingsverk, der musikarane kjem glidande og spelande i båtar. Ved stadion, før vandringa, blir ein sats av Franz Schuberts strykekvartett nr. 14 framført.

PROGRAM 

 

10.00 Grindaløda på Volda Stadion

Franz Schubert: 

Strykekvartett nr. 14, sats II (8')

 

10:10 Publikum går i retning Botnasanden

10:30 Ved rasteplassen midtvegs: Samtale med Ricardo Odriozola (20')

10:50 Publikum går vidare til Botnasanden

11:30 Konsert på og ved vatnet, med publikum på Botnasanden
 

“Of Air, Wood and Water”

NyNorsk Messingkvintett

Engegårdkvartetten

Kari Standal Pavelich og Øyvind Robak, fiolin

 

Therese Birkelund Ulvo:

Dusk Shimmer (20')

(strykekvartett)

1/1