top of page

Konsert i samspel med ein sildrande bekk

DSC02313_edited.jpg

Konsertvandring på Folkestad 

Onsdag 26. juni 

Konsertvandringa startar frå ferjekaia på Folkestad 18.15

(ferja går frå Volda 18.00)

Rein vandringstid under konserten er totalt ca. 15 minutt 

​

​

På denne konserten vert du kjend med fokuskomponistane på årets festival Therese Birkelund Ulvo og Jan Erik Mikalsen. Vi går saman til det vesle og lite kjende kapellet på Folkestad. Her får vi konsertens fyrste musikalske innslag:  verket "Pieces for violin" av Jan Erik Mikalsen. Det er eit solostykke for fiolin i to satsar som vert framført av Øyvind Robak. 

​

Frå kapellet går turen vidare til den gamle Læremiddelfabrikken. Her får vi eit gjenhøyr med verket "Det du ser" av Kristin Bolstad som vart urframført på tonehimmel i 2022, den gongen med kontratenor og elektronikk. Til årets festival har Bolstad laga ein ny og akustisk versjon av verket for fem damestemmer, og det vert framført av komponisten si eiga vokalgruppe Stemmeklang inne i fabrikken.

​

Konserten vert avslutta utandørs med urframføring av verket tonehimmel  har tinga av Therese Birkelund Ulvo til årets festival med den noko uvanlege besetninga fem damestemmer, blokkfløyte og ein sildrande bekk. Bekken si eiga stemme  er ein del av komposisjonen, og bekken ein del av verket si besetning.

Program:

  • Møte/samtale med fokuskomponistane 2024 Therese Birkelund Ulvo og Jan Erik Mikalsen

  • "Pieces for violin" av Jan Erik Mikalsen (Øyvind Robak)

  • "Det du ser" av Kristin Bolstad (Stemmeklang)

  • Urframføring av årets tingingsverk av Therese Birkelund Ulvo for fem damestemmer, blokkfløyte og ein sildrende bekk (Stemmeklang, Linnéa Sundfær Casserly, sildrande bekk)

IMG_0439.heic
IMG_9851.jpg
Therese Ulvo.jpeg
bottom of page