top of page

Stemmeklang i høgdebassenget

© Emanuel Vigelands Museum Signe Fuglesteg Luksengard (1).jpg

Fredag 30. juni kl.16.00

forrommet til det nye høgdebassenget i Volda

 

Komponist: Kristin Bolstad

Musikarar: Stemmeklang

Dans: Einy Åm Sparks

Stemmeklang vart starta av Kristin Bolstad med mål om å utforske det heilt spesielle mausoleet i Emanuel Vigeland Museum i Oslo. Gjennom dette arbeidet har Stemmeklang blitt spesialistar på å utforska romlege og akustiske parameter, der det klanglege uttrykket står sentralt. Plassering av vokalistane og retninga på lyden er eitt av dei verkemidla som blir brukt for å skape ulike former for effektar av rørsle.

 

Stemmeklang har hatt over 50 konsertar sidan 2009, og markerte 10-års jubileum i 2019 med plateutgjeving i samarbeid med Morten Lindberg og platemerket 2L. Albumet vant Grammy i kategorien «Best Immersive Audio Album» for 2020.

EinyAmSparks_PHOTO_TylerSparks_edited.jpg

Einy Åm Sparks er utøvande og skapande dansekunstnar, og har produsert og turnert fleire framsyningar både nasjonalt og internasjonalt. I 2011 oppretta ho EyeKnee Coordination, der kunstnariske samarbeid står sentralt i arbeidet og spenner om både dans, musikk, film og installasjon. Ho er spesielt interessert i å utforske kva som skjer i møtepunktet mellom daglege rørsler og dans, mellom dans og andre kunstartar, og i forholdet mellom utøvar, rom og publikum. Som ei forlenging av dansekunsten arbeider Sparks også med film og redigering, både innanfor dansefilm, dokumentarfilm og oppdragsfilm.

bottom of page