top of page

Opningskonsert tonehimmel 2025

Rotevatnet i Volda, Hogstfeltet ved Botnasanden 

25. juni kl. 19.00

att.2dPx8MMTvJr4zdub4OklNqGtUckqKpwgyCU4ZkpKzCE.jpg
unnamed (1).jpg

Opningskonserten på tonehimmel 2025 faldar seg ut mellom dei avhogde stubbane i det nyhogde skogsfeltet ved Rotevatnet. Under fjorårets festival hadde vi konsert her mellom høge grantre, no er skogen borte, og eit nytt landskap teiknar seg. Finn deg ein stubbe, ta med sitteunderlag og ein god ven og bli med inn i årets tonehimmel, ein festival der vi skaper saman: fordi vi er glade i kvarandre, fordi vi bryr oss om samfunnet vi lever i, fordi vi bryr oss om naturen vi er ein del av og fordi vi bryr oss om framtida vi skal skape saman.

Du får oppleve

  • Utdrag frå verket “Beveget cellist” av og med Tanja Orning 

  • URFRAMFØRING av verket “Cartoon Music - 4 pastorale striper”, av Helge Iberg framført av kvartetten Tøyen fil og klafferi.

  • Improvisert verk til Rotevatnet av Songar og vokalkunstnar Ruth Wilhelmine Meyer og cellist Tanja Orning

  • URFRAMFØRING “Law of nature” av Tanja Orning framført av kvartetten Tøyen fil og klafferi

 

Billettar:

Vaksen: 350,-

Festivalpassbillett: 10,-

Alle under 20 år: gratis

Tøyen fil og klafferi

På innsida av platecoveret til Tøyen Fil og Klafferi sitt debutalbum Botanisk hage frå 2020 kan me lese følgjande: “Tøyen Fil og Klafferi er namnet på ein tenkt lydfabrikk grunnlagt i 2010, kor instrumenta filer, trillar, stryk og bles liv i nye musikalske verk”(omset frå engelsk av skrivaren). Bak dette snodige namnet ligg eitt av landets fremste og aller mest høgtpresterande samtidsmusikkensemble. Instrumentsamansetjinga deira – fløyte, fiolin, cello og klarinett – er uvanleg i den klassiske musikken, og kombinert med eit repertoar av nyskrive musikk opnar det seg ei ny og uhøyrt klangverd kvar gong dei speler. Musikken deira inviterer deg til å opne øyrene og sjå venleiken i dei ukjende lydane. Sanseinntrykka flyt fritt her, og nyskapinga si spenning fyller lufta.

 

Tøyen Fil og Klafferi er:

Eira Bjørnstad Foss(Fiolin)

Hanne Rekdal(Fløyter)

Morten Barrikmo(Klarinett)

Tove Margrethe Erikstad(Cello)

Tanja Orning

Det skal godt gjerast å finne ein enkelt knagg å feste nokon som musiserer like mangfalding som Tanja Orning på. Komponist, alternerande solocellist med Stavanger symfoniorkester, musikkforskar, improvisatør, soloutøvar, og, saman med ensemblet asamisimasa, dobbel Spelemannsprisvinnar – alt dette er berre noko av det Orning kan skilte med å ha på CV-en. Fellesnemnaren for alt dette er det nye – nye måtar å spele musikk på, nye kontekstar, nye måtar å sjå musikken på. Både som musikar og forskar arbeider ho med store spørsmål: korleis kan eit musikalsk verk tale til oss? Er det verket slik det er på notearket eller slik utøvaren eller lyttaren oppfattar det som er det eigentlege verket? Kva lyttaromgrep er det eigentleg som ligg til grunn for samtidsmusikken? Dette er spørsmål som er vanskelege å finne konkrete svar på, men det er vanskeleg å tenkje seg nokon som er betre eigna til å undersøke dei enn Tanja Orning.

Helge Iberg

Helge Iberg har i laupet av sin lange karriere vist seg som ein av få med evnen til å saumlaust bevege seg mellom det handfaste, nedskrivne i notepartituret og jazzmusikken si knitrande augneblinkskunst. Han har skrive instrumentalkonsertar for solistar som Ole Edvard Antonsen, Atle Sponberg og Christian Ihle Hidland, gjeve ut jazzalbum med Elin Rosseland, Sidsel Endresen og Nils Petter Molvær – ja, til og med Odd Børretzen, som ein kan høyre seie fram dikt av Rolf Jacobsen til Iberg sin musikk på albumet ReHumaniZing.

 

Det er ein ting å vere ein samtidskomponist som også kan spele nokre jazzstandardar eller vice versa, men det som gjer Iberg til ein spesiell musikar er evnen han har til å flyte mellom desse to sjangrane med så stor truverd og framleis bevare den musikalske identiteten hans.

Ruth Wilhelmine Meyer

Ruth Wilhelmine Meyer, fødd i Tromsø og oppvaksen i Vinje i Telemark, er ein songar og stemmekunstnar heilt utan sidestykke. Musikken hennar frir seg frå sjangrar, og er filtrert gjennom mange stiluttrykk frå klassisk song, strupesong, norsk folkemusikk, multifonikk og rein støymusikk. Ho har samarbeidd med namn som Jon Fosse på teaterstykket Olavs draumar, Nils Henrik Asheim på albumet Vox Humana, og i Magnar Åm sin opera Is-slottet frå 2014 hadde ho ein spesialskriven stemmerolle. Menneskestemmen har eit uendeleg klangpotensiale, og med stemmen malar Meyer fram lydverder som spenner frå det realistiske til det urealistiske, det venta og det uventa, og der lyden sjølv vert forteljaren.

Nora Sjøgren

​Nora Sjøgren (født 1994) er klassisk slagverker med sin utdannelse fra Norges Musikkhøgskole i Oslo.  Sjøgren er en allsidig slagverker med erfaring fra ulike sjangre og ensembleformer innen musikkfeltet. Hun har utøvende erfaring fra både orkester, kammerorkester, band og mindre ensembler. Eksempelvis har hun gjort prosjekter med MIN-ensemblet (Musikk i Nordland), Oslo Sinfonietta, Pinquins og hun har vikariert i flere av de profesjonelle orkestrene i Norge. Blant dem Kringkastningsorkestret og i Operaorkestret. I tillegg er hun fast medlem i slagverkstrioen «Rattlebelles» som hun var med å etablere i 2018.

KR_Kulturrådet.png
download-2.png
Logo 11_LysBakgrunn.png
jazzklubben.png
jazzforum-logo_høyoppløselig.jpeg
sparebankenmørelogo.png
PNG midtstilt svart tekst.png
mobelringen.png

Brænne Eigedom AS

bottom of page