top of page

Vokalspelet

Klangfabrikken på Nordre Vartdal , 

26. juni kl. 19.00

482381835_2091154644689666_5071827694602630758_n.jpg

Songar og vokalkunstnar Ruth Wilhemine Meyer i samspel med seks lokale songarar og den store akustikken i Klangfabrikken på Nordre Vartdal. 

 

Konserten er ein samtale mellom stemmer og rom.

Stemmene spør og romma svarer

Samtalen si forteljing vert skapt av det lyttande publikummet. 

 

VOKALSPELET 2025

Sara Sybil Gundersen

Kristin Øye Gjersdal

Guro Kristin Gjøsdal

Marte Grønvold Nilsen

Stine Andenes

Ingrid Vik Henriksen

 

Ruth Wilhelmine Meyer er ein særeigen stemmekunstnar, multivokalist og komponist som utforskar instrumentet sitt for å skape musikk gjennom vokale klangfargar med mange ulike uttrykk. Ho har eit spenn frå  klassisk vokaltradisjon, utvalde etniske tradisjonar, inkludert strupesong, norsk folkemusikk, multifonikk og rein støymusikk. Stemmeområdet hennar spenner frå 32 Hz til 2800 Hz, det vil seie nesten 7 oktavar. Ho er ein ettertrakta vokalkunstnar både i Noreg og over heile verda. Med sitt multiekspressive vokale uttrykk skaper Ruth lydlandskap frå det realistiske til det urealistiske, det forventa og det uventa, og lyden vert forteljaren. 

 

Vokalspelet er eit kunstprosjekt med stemme for personar mellom 15 og 45 år. Prosjektet er leia av Ingrid Vik Henriksen og er eit femårig prosjekt der vi samarbeider med ulike kunstnarar. Målet er at dei  som deltek skal få utvikle sitt vokale univers, lære seg å leike med improvisasjon, form, rom og samspel på nye måtar. Vi håper prosjekta skal vere med på å utvide den rike songtradisjonen på Sunnmøre, fremme skaparkraft, kreativitet og samklang både for dei som er med og for alle som lyttar. 


 

Prosjektet er laga med støtte frå

Sparebank1 SMN og Sparebanken Møre

 

Billettar:

Vaksen 350,-

Festivalpassbillett 10,-

Alle under 20 år gratis

sparebankenmørelogo.png
KR_Kulturrådet.png
download-2.png
Logo 11_LysBakgrunn.png
jazzklubben.png
jazzforum-logo_høyoppløselig.jpeg
sparebankenmørelogo.png
PNG midtstilt svart tekst.png
mobelringen.png

Brænne Eigedom AS

Furutunet AS

images.png
bottom of page