"Røyster"
Av YKS Ung og Solveig Styve Holte
PREMIERE
Folkestadvatnet 27. juni kl. 18.00

Krostina Juul Jørgensen
«Røyster» er eit nytt koreografisk arbeid av Solveig Styve Holte utvikla i samarbeid med dansekunstnar og prøveleiar May Stene Fossheim, dansekunstnar og utøvar Rina Rosenqvist, kostymedesignar Molly Raak, komponist og musikar Sofia Jernberg, samt 5 ungdomar frå Ålesund, Ørsta, Volda og Nordfjord som alle er med som utøvarar.
Kan kunsten vere ein stad for å utvikle og auke vår varsemd for kvarandre og omverda? I fleire kunstnariske arbeid har Holte interessert seg for korleis skape fleirstemmige felleskap der ulike viljar og røyster sameksisterer i det koreografiske uttrykket. I «Røyster» vert rørslene skapte i møte mellom ulike kroppar, i undersøkinga av å gi og ta imot, av å berøre og bli berørt, bære og bli boren, rørsler som berre er moglege i samdansen med ein eller fleire andre kroppar. Røyster vert ei øving i varsemd overfor kvarandre og omverda, korleis eksistensen vår er knytt saman og avhengig av andre for å halde fram.
«Røyster» er den fyrste produksjonen av YKS Ung, eit nytt fleirårig talent og kunstprosjekt knytt til arenaen Ysteholen Koreografiske Senter (YKS). I YKS Ung får ungdom erfare kunstproduksjon frå innsida gjennom arbeidet som utøvarar og i samarbeid med ei rekke profesjonelle kunstnarar innan dans, kostyme og musikk.
Konsept, koreografi og kunstnarisk leiar: Solveig Styve Holte
Framsyninga er utvikla saman med:
Prøveleiar: May Stene Fossheim
Musikk: komponert av Sofia Jernberg og Ole Morten Vågan, framført av Sofia Jernberg
Kostyme og scenografi: Molly Raak
Dansekunstnar: Rina Rosenqvist
Utøvarar og framført av:
Asiri Carlosdottir Perez, Elena Hertzberg Aidoni, Luna Walderhaug Lange, Mariia Stepanian, Marit Hovland, Rina Rosenqvist.
Produsent: Paula Lewe
Takk til Amie Mbye, Helga Synnevåg Løvoll, Rose Martin, Venke Sortland, Bojana Cvejic og Sergej Pristas.
Produsert av: YKS
Coprodusert av: tonehimmel, KUBE, Høstscena, Høgskulen i Volda og Kunsthøgskolen i Oslo
Prosjektet er støtta av: Norsk Kulturråd, Møre og Romsdal fylkeskommune og Sparebank1 SMN
Tilgjengelighet
Raudesanden ligg i nordenden av Folkestadvatnet og du kan kome deg dit både ved å gå eller køyre Blåfjellsvegen eller Setrevegen på Innarforsida. Det er best parkeringshøve ved Blåfjellsvegen. Vi oppfordrar publikum til å samkøyre, nytte oppsett minibuss eller gå til fots.
GRATIS-buss Det er svært lite parkeringsplassar og vi oppfordrar alle til å bestille plass på GRATIS-bussen som går frå fergekaia på Folkestad. Er du usikker på om du har bestilt billett med buss ring tonehimmes festivalkontor på tlf. 91801735.
Du kan også få til fots frå fergekaia med turleiar Kishore Gaiendra.
Turen er GRATIS og du betalar berre for konserten.
Framsyninga er dessverre ikkje tilgjengeleg for rullestorbrukarar då ein må vandre frå parkeringa til spelestaden. Vi oppfordrar publikum om å ta med eigne sitteunderlag då alle publikumerar sitter på bakken.
Billettar:
Vaksen 350,-
Festivalpassbillett: 10,-
Alle under 20 år GRATIS
FERGA går frå Volda kl. 16.40
eller 17.20
GRATIS-buss
Det går GRATIS-BUSS frå fergekaia til vatnet for den som har bestilt billett på forehand.
kl. 17.00 er det GRATIS stille vandring med Kishore Gajendra frå fergekaia på Folkestad (må ta 1640 ferga fra Volda) for den som vil gå til konserten









