"Røyster"
Av YKS Ung og Solveig Styve Holte
kl. 14.00 og 16.00 på Anders Svor-museet
Det er begrenset antal plasser og det er derfor lurt å kjøpe billett på førehand, også for deg som har festivalpass.

«Røyster» er eit nytt koreografisk arbeid av Solveig Styve Holte utvikla i samarbeid med dansekunstnar og prøveleiar May Stene Fossheim, dansekunstnar og utøvar Rina
Rosenqvist, kostymedesignar Molly Raak, komponist og musikar Sofia Jernberg, samt 5 ungdomar frå Ålesund, Ørsta, Volda og Nordfjord som alle er med som utøvarar.
Kan kunsten vere ein stad for å utvikle og auke vår varsemd for kvarandre og omverda? I fleire kunstnariske arbeid har Holte interessert seg for korleis skape fleirstemmige felleskap der ulike viljar og røyster sameksisterer i det koreografiske uttrykket. I «Røyster» vert rørslene skapte i møte mellom ulike kroppar, i undersøkinga av å gi og ta imot, av å berøre og bli berørt, bære og bli boren, rørsler som berre er moglege i samdansen med ein eller fleire andre kroppar. Røyster vert ei øving i varsemd overfor kvarandre og omverda, korleis eksistensen vår er knytt saman og avhengig av andre for å halde fram.
«Røyster» er den fyrste produksjonen av YKS Ung, eit nytt fleirårig talent og kunstprosjekt knytt til arenaen Ysteholen Koreografiske Senter (YKS). I YKS Ung får ungdom erfare kunstproduksjon frå innsida gjennom arbeidet som utøvarar og i samarbeid med ei rekke profesjonelle kunstnarar innan dans, kostyme og musikk.
Konsept, koreografi og kunstnarisk leiar: Solveig Styve Holte
Framsyninga er utvikla saman med:
Prøveleiar: May Stene Fossheim
Musikk: komponert av Sofia Jernberg og Ole Morten Vågan, framført av: Sofia Jernberg
Kostyme og scenografi: Molly Raak
Dansekunstnar: Rina Rosenqvist
Utøvarar og framført av:
Asiri Carlosdottir Perez, Elena Hertzberg Aidoni, Luna Walderhaug Lange, Mariia Stepanian, Marit Hovland, Rina Rosenqvist.
Produsent: Paula Lewe
Takk til Amie Mbye, Helga Synnevåg Løvoll, Rose Martin, Venke Sortland, Bojana Cvejic og Sergej Pristas.
Produsert av: YKS
Coprodusert av: tonehimmel, KUBE, Høstscena, Høgskulen i Volda og Kunsthøgskolen i
Oslo
Prosjektet er støtta av: Norsk Kulturråd, Møre og Romsdal fylkeskommune og
Sparebank1 SMN
Tilgjengelighet
Publikum vil vere plassert på galleriet på Anders Svor Museet. Framsyninga er difor
dessverre ikkje tilgjengeleg for rullestorbrukarar.
Billettar:
Vaksen 350,-
Festivalpassbillett: 10,-
Alle under 20 år GRATIS









