top of page

Ekkodal-konserten2025

Ekkodalen (Litledalen) i Ørsta

28. juni 

Turstar fra Barstadsætra kl. 10.00 

Turen opp tek om lag 2,5 timar og vert leia av Kishore Gajendra.  Der er god rås.

(Ved dårlig vær flyttes konserten til Klangfabrikken på Vartdal)

tonehimmel (4)_edited_edited.jpg
IMG_4649.jpeg
songcircus04.jpg
DSC01116.jpg
att_edited.jpg

Bli med på tur til “Ekkodalen” i Ørsta, ein spesiell stad der vi skaper i samklang med naturen. Når forholda ligg til rette, er det heilt spesielle lydforhold her oppe. Men vi kan ikkje vite kva landskapet vil akkurat denne dagen, vi må spele med det som er, vere ein del av heilskapen og vil kjenne både på det nære og det fjerne, det vesle og det monumentale. 

Du får oppleve

  • URFARMFØRING av fyrste del av nytt verk av Marianne Reidarsdatter Eriksen for vokalgruppa Song Circus og to horn (Magnhild og Runar Tafjord)

  • “Sol luchet”, av Marianne Reidarsdatter Eriksen framført av Song Circus

  • “glimtar av ein famn” av Magnar Åm - skrive til Ekkodalen, til denne konserten omskrive til versjon for to horn framført av Magnhild og Runar Tafjord

  • Satsen "Månebøn" frå verket “Vardøger” av Jorun Marie Kvernberg, framført av Song Sircus og Runar Tafjord.

 

Billettar:

Vaksen: 350,-

Festivalpassbillett: 10,-

Alle under 20 år: gratis

Det er god rås, men dette er likevel ein ordentlig fjelltur og du trenger gode turklede og tursko.

Marianne Reidarsdatter Eriksen

Komponisten, organiste og pianisten Marianne Reidarsdotter Eriksen har i mange år vist seg som ein komponist med eit heilt spesielt handlag med stemmen og kor. Musikken hennar kan mellom anna høyres på Trio Mediæval sitt album An Old Hall Ladymass, med stykket “Sol lucet”, Kammerkoret Aurum sitt Alt hva mødrene har kjempet med verket “Etter regnfallet” og Uranienborg vokalensemble sitt album Himmelborgen. Ofte kan ein høyre atterklang av eldgamal kormusikk frå mellomalderske kyrkjer med lange melodilinjer som viklar seg inn i kvarandre, andre gonger duver vakre akkordar fram frå korsongarane og breier seg over deg som eit varmt teppe av tonar. Du skal ikkje vente lengje i musikken hennar før du kjenner kjensler av tidlaus skjønnheit.

Song Circus

Ei enorm musikalsk nysgjerrigheit og ei skapande utforskingstrong ligg i botnen av Song Circus. Dette er eit av Skandinavia sine absolutt leiande ensemble innan eksperimentell musikk, og i verksemda si legg dei vekt på nære og langvarige relasjonar med komponistar og skapande kunstnarar for å lage ny scenekunst på eit høgt nivå. Song Circus er eit heilt spesielt ensemble i at produksjonane deira ofte har eit stort fokus på improvisasjon, som også skapar eit heilt særeigent rom for å utforske dei forskjellege teksturane og klangane i stemmane til songarane. Ensemblet er som eit fullstendig unikt instrument, heilskåre ut av det uendelege potensialet som ligg i menneskestemma.

 

Song Circus besetning på konserten:

Liv Runesdatter

Ingeborg Dalheim

Silje Aker Johnsen

Magnar Åm

Kva skal ein vel skrive for å oppsummere Magnar Åm – komponisten, som både frå notearket, tangentane og dirigentpodiet har delt av sin enorme kjærleik til musikken og den livgjevande krafta musikken har. Han har ein unik evne til å skape openheit for samtidsmusikken hjå amatørmusikarar, og fordrar eit spesielt forhold mellom musikarar og komponist i prosessen. Åm er eit intenst følande, lyttande menneske, med ein ufatteleg kjærleik til musikken, naturen og menneska, og ein bauta ein kan reise land og strand rundt utan å finne maken til. Åm er medstiftar av tonehimmels, festivalens beste ven og kunstneriske leiar.

Magnhild og Runar Tafjord

Har begge to framtredande norske hornistar. Runar er mest kjend som hornist enseble i Brazz Brothers, og har i tillegg spelt med orkester som Oslo-Filharmonien, Bergen Filharmoniske Orkester og Göteborgs Symfoniker. Magnhild spelar no i både Operaen i Kristiansund og Opera Nordfjord, og har tidlegare spelt med orkester som Bergen Filharmoniske Orkester og Stavanger Symfoniorkester. I tillegg har ho spelt med framtredande samtidsmusikkensembler som BIT20, og har eit samtidsmusikk/improvisasjonsduoprosjekt med oboist/engelsk hornist Ebba Ringmar. 

Jorun Marie Kvernberg

Jorun Marie Kvernberg er komponist og felespelar, som gjennom over tjue år har etablert seg som ein av Noregs fremste folkemusikarar, både som soloartist og i grupper som Majorstuen, Perleskum og mange andre prosjekt. Dei siste åra har ho komponert stadig meir for ei rekke ensemble. tonehimmel har urframført fleire av Kvernbergs verk og har også bestilt et større verk av Kvernberg for Det norske kammerorkester til festivalen i 2027. 

KR_Kulturrådet.png
download-2.png
Logo 11_LysBakgrunn.png
jazzklubben.png
jazzforum-logo_høyoppløselig.jpeg
sparebankenmørelogo.png
PNG midtstilt svart tekst.png
mobelringen.png

Brænne Eigedom AS

Furutunet AS

images.png
bottom of page