top of page

Smakebetekonsert

Kalsethola i Volda, 

25. juni kl. 11.00

kalsethola.jpg

Ta med deg matpakka og smak samstundes på årets tonehimmel. Turen til Kalsethola tek om lag 30 minutt, litt avhengig av kva veg du går. På dette fine utsiktspunktet får du møte Tøyen fil og klafferi, ein nysgjerrig og utforskande kvartett som har jobba med ei lang rekke norske og utanlandske komponistar. Bli med inn i lydverda deira.

Du får oppleve

  • “Radiolarie” av Kristine Tjøgersen

  • Adagio frå «Adagio & Beethovenfest», av Kristine Tjøgersen

  • “Neon Notebook” av Eivind Buene

Konserten er GRATIS

Tøyen fil og klafferi

På innsida av platecoveret til Tøyen Fil og Klafferi sitt debutalbum Botanisk hage frå 2020 kan me lese følgjande: “Tøyen Fil og Klafferi er namnet på ein tenkt lydfabrikk grunnlagt i 2010, kor instrumenta filer, trillar, stryk og bles liv i nye musikalske verk”(omset frå engelsk av skrivaren). Bak dette snodige namnet ligg eitt av landets fremste og aller mest høgtpresterande samtidsmusikkensemble. Instrumentsamansetjinga deira – fløyte, fiolin, cello og klarinett – er uvanleg i den klassiske musikken, og kombinert med eit repertoar av nyskrive musikk opnar det seg ei ny og uhøyrt klangverd kvar gong dei speler. Musikken deira inviterer deg til å opne øyrene og sjå venleiken i dei ukjende lydane. Sanseinntrykka flyt fritt her, og nyskapinga si spenning fyller lufta.

 

Tøyen Fil og Klafferi er:

Eira Bjørnstad Foss(Fiolin)

Hanne Rekdal(Fløyter)

Morten Barrikmo(Klarinett)

Tove Margrethe Erikstad(Cello)

KR_Kulturrådet.png
download-2.png
Logo 11_LysBakgrunn.png
jazzklubben.png
jazzforum-logo_høyoppløselig.jpeg
sparebankenmørelogo.png
PNG midtstilt svart tekst.png
mobelringen.png

Brænne Eigedom AS

Furutunet AS

images.png
bottom of page