tonehimmel fesival 24.-28. juni 2026
+ konsertar og meir heile året rundt
Smakebetekonsert
Kalsethola i Volda
24. juni
kl. 10.00
GRATIS
Alpehorn, feleduo og mykje meir. Bli kjent med Haltli Sisters, hornist Marie Solum Gran og musikk av Maja Ratkje.


Marie Solum Gran
Horn, alpehorn og bukkehorn
Marie har spelt med mange av Norges største orkester og ensemble, samt vore med på ei rekke innspelingar og prosjekt. Marie er også fast medlem i NyNorsk Messingkvintett og har vore på tonehimmel ei rekke gonger før, men aldri åleine og aldri med alpehorn (sjå bildet). På årets festival skal ho vere med og urframføre verk av Marianne Reidarsdatter Eriksen, Unni Løvlid og Magnar Åm.

Haltli
Sisters
Frida Haltli og Marte Haltli
er kjende både for sitt fantastiske spel og sin boblande kreativitet og nyskapingskraft.
Dei er 16 og 18 år men har allereie vorte lagt merke til i folkemusikkmiljøet som ein framstormande duo.
Dei kjem frå ein svært skapande og musikalsk allsidig familie, da foreldra deira er Maja S.K. Ratkje og Frode Haltli.
På tonehimmel 2026 er dei både musikarar og komponistar.
