tonehimmel fesival 24.-28. juni 2026
+ konsertar og meir heile året rundt
Koppen, Andersskog og Norddahl
Andaneset
26. juni
kl. 18.00
Billettar 250,-
alle under 18 år gratis
Henrik Koppen, Ingeborg Blom Andersskog og Mari Norddahl er tre kunstnarar som lagar utstillingar og performance-arrangement saman. Alle tre har bakgrunn frå Kunst-og designhøgskulen i Bergen og jobbar med performance, skulptur og material-basert kunst. Gjennom sine prosjekt undersøker dei korleis mennesket møter materiale på ulike måtar, gjennom tid, kropp og objekt. Samarbeidet starta med prosjektet ‘Skylle, samle, kverne, slipe’ som fann stad i eit naust i Velsvika i 2016. Under tonehimmel 2026 syner dei eit nytt, stadsspesifikt performance-prosjekt. I laupet av éin time vil dei utføre performancar side om side i møte med landskapet på Andeneset turomårde i Volda der dei undersøker mennesket sin påverknad på omgjevnadane sine.
Performance-programmet på tonehimmel 2026 er støtta av Kulturdirektoratet.


Mari Norddah
Mari er ein kunstnar frå Volda som arbeider med mjuke tekstilobjekt gjennom skulptur, performance og installasjon. I arbeida hennar ligg det ein spenning mellom skulpturens autonomi, og menneskets makt over den materielle verda

Ingeborg Blom Andersskog
Ingeborg jobbar med teikning, performance og tekst. Ho arbeider eksperimentelt mellom det to- og tredimensjonale, og utforskar ulike måtar å inkludere sin eigen, og publikum sine kroppar i verket. Forholdet til tid, repetisjon, og den sanselege opplevinga av materialet er viktig. Streken og sirkelen går igjen i arbeida hennar - streken fungerer som dokumentasjon på kroppens åtferd, medan sirkelen rommar alt og ingenting.

Henrik Koppen,
Henrik er ein kunstnar frå Velsvik i Dalsfjorden som jobbar med performance-kunst, skulptur, installasjon og lyd. Performancane hans fungerer ofte som poetiske og sanselege ritualer der han kombinerer element frå mytologi, historie og naturvitskap. Eitt mål er å undersøke ulike måtar å vere i verda på.
